Bok

Når dikt er alt du er

Ei viktig iransk lyrisk røyst er gjendikta til norsk.

Fatemeh Ekhtesari er poet, redaktør, kunstnar, menneskerettsaktivist og jordmor frå Teheran, no busett på Lillehammer.
Fatemeh Ekhtesari er poet, redaktør, kunstnar, menneskerettsaktivist og jordmor frå Teheran, no busett på Lillehammer.
Publisert

Fatemeh Ekhtesari er ein iransk poet, fødd i 1986, som kom til Lillehammer som fribyforfattar i 2017. No er det fyrste diktutvalet hennar kome på norsk, tretti dikt gjendikta av Nina Zandjani.

Ekhtesari har gjeve ut fleire bøker i heimlandet, arbeidd som tidsskriftredaktør og skrive om stillinga til kvinner, om politiske fangar og om abort. Ho er òg svært aktiv på sosiale medium og har aktivt brote med konvensjonane til det religiøse regimet. Ho har vore utsett for tortur og overgrep frå styresmaktene.

Pessimisme

Diktutvalet, Vi overlever ikke, er prega av pessimistisk desperasjon og akselererande klaustrofobi. Overalt finst ein snikande politisk-religiøst motivert vald: «med setninger skapt av blod/ er vi neveslag og steiner som hagler». Her er ein ikkje berre innesperra fysisk, men kroppen vert til åstaden der makta materialiserer seg, i den grad at eigen kropp vert tenar og utøvar av makta: «Noen skapte undertrykkelse og muligheter for deg, og fengselsstenger av ribbeina dine.» Når eksistensforma til kvinna består av å finnast eller ikkje finnast, er det å døy eit godt alternativ, i det minste vert ein tilkjend ei menneskeleg vereform.

Ekhtesari dyrkar den såkalla postmoderne ghazalen – ei gamal arabisk diktform med bestemte reglar for rim og metrum som også fekk ein persisk variant, høgt skatta den dag i dag. Ghazalen handlar om kjærleik og åtskiljing og er alltid kopla til det religiøse. Desse motiva får ei særleg handsaming i Ekhtesaris lyriske prosjekt, kopla som dei er til ein hard og ufri røyndom og til seksualitet, samstundes som dikta er reinska for, eller står i open opposisjon til, den religiøse dimensjonen.

Resignasjon

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement