Bok
Når det tener til noko
Maria Alnæs set romanlandskapet sitt langt vekk frå oss. Då kjem det velsigna nært.
Maria Alnæs debuterer som forfattar med denne romanen.Maria Alnæs debuterer som forfattar med denne romanen.
Foto: Paal AudestadFoto: Paal Audestad
Roman
I ei tid der mange vil seie at vi vassar i røyndomslitteratur, kjem det ein debutant med eit frigjerande brot med denne tradisjonen. I Maria Alnæs’ Tjeneren møter vi Krystof, som arbeider som tenar ved hoffet i den fiktive byen Kombrava. Kombravane ligg i krig, i alle fall i ufred, med hinguesarane, og situasjonen er spent.
Kombrava er i ferd med å utvikle seg til ein autoritær politistat, der «å snakke rett ut var uansett noe folk uansett hadde blitt forsiktige med». Her gjeld det å operere i skjul med alt som ikkje er godkjent av statsminister Stolpin (ein djevel på alle måtar). Og er det nokon som må ligge lågare enn andre, er det jo dei kongelege, som vi veit.
I den første scena er det duka for ein fest på slottet, der alle prominente personar og deira respektive møtest. Her får vi òg presentert Krystof, som har kledd seg opp og flidd seg etter alle tenarreglar, og som fører seg som ein tenar skal: underdanig, usynleg.
Omfattande kunnskap
Pressa kan som kjent òg vere ei undertrykkande makt, og prinsesse Florentina får merke dette når ei avis skriv, etter festen, at ho nok har fått litt rundare former sidan sist. Etter dette mister Florentina trua på seg sjølv, saman med framtidshåpet. Av same grunn tyr Krystof, som har knytt seg til den tidlegare uskuldige og livsglade ungjenta, til handlingar som fører han langt av garde frå livet som hofftenar: over i krigens gru og på flukt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.