Bok
Naken lyrisk dialog
Ida Frette er ein særmerkt og vågal diktdebutant som undersøkjer språket som handling og rørsle.
Ida Frette er debutant.
Foto: Dirk Vogel
Det er ein svært naken lyrisk dialog debutanten Ida Frette har skapt i diktboka Perverst navn. To røyster vekslar gjennom boka. Sjølv om referansane til den ytre verda er sparsame, så finst dei, i form av ein bar, leilegheita, nabojenta.
Tidvis verkar det som røystene snakkar saman, men stundom når dei ikkje fram til den andre, kanskje fordi samtalepartnaren misforstår eller ikkje oppfattar kva den andre røysta seier. Røystene held likevel fram, nett som om det kviler ein tvang over setnings- og tydingsskapinga som kanskje botnar i redsla for at den endelege teiinga då skal inntreffe.
Maktforhold
Tilhøvet og maktforholdet mellom røystene er skiftande, og dei vekslar mellom å vere avhengige, innynde seg, kontrollere og avvise. Då den eine røysta freistar skape ein trygg atmosfære, er den andre usikker på om ho vert halden for narr og berre vert lokka til å vedkjenne seg. «Hun sier:/ Det er bare oss to her./ Det er trygt å vise meg at/ det ikke finnes håp.»
Sjølv om ein kan skulde teksten for å vere hermetisk og innovervend, er han ikkje vanskeleg tilgjengeleg. Det handlar meir om å finne moglege perspektiv å sjå teksten i. I denne boka er det språket som prosess, rørsle, handling og hending som er i søkjelyset, altså kva som skjer i språket, snarare enn dei fikserte bileta språket kan levere oss av røynda.
Språkrefleksjonar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.