Bok

Naivisme og økopoesi

Ida Frisch skriv forteljande dikt som vantar alvorsdimensjonen.

Ida Frisch romandebuterte i 2018. No har ho skrive dikt.
Ida Frisch romandebuterte i 2018. No har ho skrive dikt.
Publisert

I denne boka vender dikta til Ida Frisch seg mot verdas største øy, Grønland. Forfattaren stilar brev til ei øy som openbert er ute av lage, med brear og is som smeltar i altfor stor fart. Øya får liv som ein samtalepartnar, som rett nok held seg taus og difor vert pepra med nye spørsmål og tankar om kva som er årsaka til at katastrofen skyt fart.

Forteljande

Stilen i diktboka er prosalyrisk og forteljande, med eit gripande rytmisk driv. Dette er bok nummer to av Frisch. Ho debuterte i 2018 med romanen Klør, som utmerkte seg med ei sterk prosalyrisk språkføring.

Sidan Grønland teier, kjem det stadig nye brev med framlegg og vinklingar frå brevskrivaren. Kanskje ønskjer Grønland forandring, kanskje er det kjærleiken til havet, eller kan hende til sola, som har fått Grønland til å smelte, spekulerer eget. I brevdikta vert alt ved øya skalert til menneskelege kjensler, målestokkar og utsyn, men den menneskelege påverknaden på miljøet og klimaet vert likevel ikkje nemnd som mogleg årsak til det som utspelar seg.

Slik vert dikta til lettare naivistiske brevmonologar som reflekterer det menneskelege egets situasjon, verdsbilete og tankar – forståeleg nok. Dikta er meir enn klar over dette kommunikasjonsproblemet: «du har en annen verden å uttrykke deg i», og ber fram eit ønske om likevel å finne fram til eit felles språk, der «det finnes et rom å se hverandre i,/ midt mellom smeltevann og håndledd».

Forfriskande forsøk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement