JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Mysteriet Marie Grubbe: Braut ekteskapet og fann seg elskarar langt under sin stand

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Øverst: Det antages, at de tre kvinder forestiller Gyldenløves tre hustruer. Motivet er en allegori over prins Paris af Troja, der skal  T.v.: Marie Grubbe teikna av Kristian Zahrtmann. T.h. biografien om Marie Grubbe av Dan H. Andersen med eit maleri av det ein trur skal vise dei tre hustruene til Gyldenløve. Malaren er ukjend.

4077
20240322
4077
20240322

Sakprosa

Dan H. Andersen:

Marie Grubbe. En biografi

Politikens Forlag

Tidsbilete meir enn biografi?

Dag H. Andersen har først og fremst skrive eit verk om framståande slekter i ei bestemt tid, medan Marie Grubbe som person langt på veg forsvinn.

Om folk kjenner den danske 1600/1700-talsadelskvinna Marie Grubbe i dag, er det nok via J.P. Jacobsens roman Fru Marie Grubbe. Interieurer fra det syttende Aarhundrede (1876). Men talrike danske forfattarar både før og etter han har late seg inspirere av denne uvanlege kvinnelagnaden, til dømes Steen Steensen Blicher, H.C. Andersen, Ulla Ryum, og i dei seinare åra Juliane Preisler og Lone Hørslev.

I 1940 kom det òg ein opera om livet hennar av Ebbe Hamerik, basert på boka Den virkelige Marie Grubbe av Fredrik Nygaard. I tillegg har ei rekkje biografar og historikarar skrive om henne.

Basert på fakta

Det finst ein god del juridiske dokument om livet hennar, ekteskaps- og skilsmissepapir, arvesaker og anna, men svært få av personleg art. For mange har det då vore freistande å spekulere omkring livet til Marie Grubbe, som ikkje gjekk etter den slagne landevegen.

I den nyss utkomne, grundige og leseverdige boka om Marie Grubbe gjer historikaren Dan H. Andersen greie for desse tidlegare fiksjonane i eit appendiks. Men hans ærend er ikkje å dikte ei forteljing om dette uvanlege kvinnelivet. Det er heller, så vidt mogleg, å presentere ei samla forteljing basert på fakta.

«Som lesar kjenner ein seg litt snytt»

Det vi veit, er at ho etter ti års ekteskap på grunn av utruskap vart skild frå den første mannen sin, kongesonen og statthaldaren Ulrik Frederik Gyldenløve, og seinare hadde fleire elskarar og ektemenn. At Gyldenløve også hadde fleire svin på skogen, vedkom ikkje saka.

Utanomekteskapeleg omgang var neppe så uvanleg på denne tida, korkje for menn eller kvinner, men det uvanlege var at Marie braut ekteskapet nokså openlyst, og dessutan fann seg elskarar langt under sin stand.

Etter skilsmissa frå Gyldenløve levde ho utanlands med mannen til søster si i nokre år; deretter vart ho gifta bort på nytt med justisråd Palle Dyre i 1673, nærare 30 år gammal. Etter 18 års keisamt ekteskap med han stakk ho av med ridefuten hans, Søren Ladefogd, som ho hadde hatt eit langvarig forhold til, og enda livet som fattig krovertinne og ferjekone, nærare 75 år gamal.

Lengt etter kjærleik

Kva var det som fekk ei kvinne frå dei aller høgaste samfunnslaga til å vilje gje opp alle privilegia sine og følgje ein fattig arbeidsmann som drakk og slo henne, og attpåtil vart dømd for mord? Dan H. Andersen meiner det kan ha vore ein sterk lengt etter kjærleik. Dei færraste ekteskapa i dei høgare klassane var baserte på ømme kjensler, men var heller fornuftsekteskap som kunne knyte saman familiar, landeigedomar og formuar; ofte var det òg politikk med i spelet.

Marie Grubbe. En biografi er ei revidert utgåve av Marie Grubbe og hendes tid – en biografi som Andersen gav ut for snart tjue år sidan. Han kunne gjerne ha halde på den gamle tittelen. For dette er først og fremst eit verk om framståande slekter i ei bestemt tid, medan Marie som person langt på veg forsvinn. Som lesar kjenner ein seg litt snytt. Men kanskje er det ikkje mogleg å komme henne nærare?

Sexgalen

Andersen vågar seg likevel på ei tolking: Ho var sexgalen. Han funderer til slutt litt over korleis vi ville vurdere ein lagnad som hennar i dag, overført til moderne tilhøve: Marie Grubbe er stadig ei utfordring for oss fordi ho valde ein uheldig kjærleik.

J.P. Jacobsens Marie Grubbe har eit anna syn på saka: «[...] der var i denne selvnedværdigelse en sælsom nydelse, som halvt var i slægt med grov sanselighed, men ogsaa i slægt med det, der regnes for det ædleste og bedste i kvindens natur.» Til Ludvig Holberg skal Marie Grubbe på sine gamle dagar ha sagt at ho med sin «gemeene Matros» levde «langt meere fornøiet, end udi det første Ægteskab».

Kven veit?

Jorunn Hareide

Jorunn Hareide er professor emerita og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

.

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis