JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Strålande valdresspel

Klassiske opptak frå NRK-arkivet har vorte tilgjengelege.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1856
20240419
1856
20240419

Folkemusikk

Andris A. Dahle:

Heime og austa åsen

Ta:lik

Folkemusikkarkivet til Norsk rikskringkasting er først og fremst basert på materiale som var tenkt til kringkasting, men i tillegg til musikken som faktisk vart kringkasta (oftast gjennom programposten Folkemusikkhalvtimen), finst det store mengder ukjent materiale – både song/spel og samtale – som er teke vare på. Eit høgdepunkt i dette materialet er dei ti CD-ane som var samla i boksen Norsk folkemusikk, som vart utgjeven av plateselskapet Grappa i 1995. Sidan har også Ta:lik gjeve ut mykje av folkemusikkmaterialet frå NRK-arkivet, og denne plata er eit kjærkome tilskot til denne kulturskatten.

Valdres er eit av dei områda i Noreg der mykje folkemusikk har vorte dokumentert, og framleis er det mange nolevande musikarar som held denne musikken i hevd – både songen og spelet (der hardingfele og langeleik er dei sentrale instrumenta).

Denne utgjevinga inneheld innspelingar hardingfelespelaren Andris A. Dahle (1925–1995) gjorde for NRK i perioden 1972 til 1990. Det meste av musikken har han etter Ola G. Okshovd og bestefaren Ivar Ringestad. Det som særmerkjer spelet hans – anten det er tale om springarar eller lydarslåttar – er ein imponerande klårleik, med ein unik kombinasjon av konsentrert kontroll og frisk energi.

Totalt sett er dette eit stort dugnadsarbeid der mange NRK-tilsette – i tillegg til plateselskapet – har medverka, men produsentane Rolf Myklebust (som stod for opptaka frå 70-talet) og etterfylgjaren Leiv Solberg (som stod for dei seinare opptaka) lyt særleg nemnast.

Og dei som dessutan er interesserte i detaljkunnskap om alt dette, har mykje å finna i tekstmaterialet som fylgjer utgjevinga.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast meldar i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis