Songen til den siste fuglen
Dinosaurtegning er eit friskt pust.
Dinosaurtegning er: Håkon Sollund (vokal, bass), Andreas Nordberg (gitar, vokal), Marius Karlsrud (tangentar, vokal), Øyvind Bersvendsen (trommer, perkusjon) og Robert J. Gray Lægreid (tangentar, vokal).
Pressefoto
Rock
Dinosaurtegning:
Endetidsfuglen
Sjølvutgitt
Eg opna glaset, og så virra han inn – den aller siste fuglen, den eine som er att: endetidsfuglen. Fuglesong vert aldri det same igjen.
Ingen andre fuglar liknar endetidsfuglen. Og ingen andre band liknar heilt på Dinosaurtegning.
Slik kan også ei melding ta til, og det må denne. Den prosaiske innramminga verka brått så lite leiken, i møtet med den fabulerande musikken som fylte rommet. Dinosaurtegning lagar nemleg songar som er opne for digresjonar, for assosiative sidespor, for krumspring i både ord og tone. Ein kan også seie at musikken på Endetidsfuglen har noko drøymande over seg.
Om ein lèt seg freiste til å kalle dette rockemusikk, bør ein gjerne leggje til at låtane ikkje har det travelt med å komme seg i mål. Dei er for fantasirike til å følgje berre éin formel.
Dei har også noko rått og uflikka over seg. Endetidsfuglen er spelt inn live i løpet av eit par dagar i mars (altså nettopp). Vi skal mange stader, via mange sjangrar, heile tida rastlaust på veg til noko anna.
Kryptiske feltopptak
Dette er eit band som kan syngje om at det er greitt å halde pusten i badekaret om ein framleis er redd for stranda, i ein song som er mjuk som soul («Et dykkerhjem»). Men om du vil prøve å låse denne musikken til ei sjangernemning, så lukke til med det! Jazzistisk rytme og synthvirtuositet er alltid rett rundt hjørnet. Brått kan kryptiske feltopptak, om det er det ein skal kalle lyden av menneske i eit rom, la deg stele eit blikk inn i eit liv som ikkje er ditt («99, 100 glemsel»).
Naivistisk åre
Som vokalist er Håkon Sollund kanskje meir livstrøytt enn inderleg, men på ein inderleg måte. (Dinosaurtegning likar sjølv paradoksale karakteristikkar, og desse passar eigentleg godt for musikken.) Tekstane vrir og vender på klisjear og munnhell («Såpeopera»), men det gir jo meining, mot eit stykke tilbakelent soul, at nederlaget er ein ny dag, og at ein kanskje rekk i morgon alt ein ikkje rakk i dag.
Dinosaurtegning, kva er det for namn på eit band? Eg er ikkje den første til å peike på den naivistiske åra i musikken til Oslo-bandet, som ein også kan kalle for underfundig, og fleire har peikt på ekko frå dei såkalla fire store på 1980-talet i norsk rock. Dinosaurtegning er eit slikt band som syng at når vi lèt att auga, er det litt skremmande å vere åleine. Og det er det jo, rett som det er.
Endetidsfuglen er eit friskt pust. Siste spor ut, «Lø birå», rungar med sine blåsarar og løftar det store blikket. Det finst mange fleire dinosaurteikningar, tenkjer eg, og vi har enno berre sett eit par.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ragnar Bjerkreim har teke utgangspunkt i Josef-forteljinga i 1. Mosebok. Prosjektet tek for seg flukt, emigrasjon og folkevandring til ulike tider og på ulike kontinent.
Foto: Gry Monica Hellevik
Gjennom byar, under bru
Ragnar Bjerkreims Stjernesti famnar breitt, med mange røyster og opne landskap.