JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Songar frå skogen

Adrianne Lenker tek oss tilbake til leirbålet med albumet Bright Future.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Adrienne Lenker er ein produktiv låtskrivar. No er albumet Bright Future ute.

3236
20240322
3236
20240322

Rock

Adrianne Lenker:

Bright Future

4AD/Playground

I ei verd der mange søkjer lukka, er det kanskje rart å sjå på det som er leitt, som ei gåve, men det er likevel denne paradoksale tanken Adrianne Lenker dveler ved på «Sadness as a Gift», ein av songane på Bright Future, som er ute i dag. Å tenkje tilbake på lukkelege stunder kan vere ei bittersøt, samansett øving, men ville vi hatt det på ein annan måte?

Då Lenker hausten 2022 inviterte musikarane ho ønskte å samarbeide med på dette nye albumet, til det analoge studioet sitt Double Infinity, som ho har gøymt bort i ein skog langt frå byens mange potensielle distraksjonar, klaffa det hundre prosent i alle kalendrane, og alle kunne ta turen: Philip Weinrobe, som har produsert (og gjorde det på Songs og Instrumentals i 2020), Mat Davidson, Nick Hakim og Josefin Runsteen, på tangentar, gitarar, fiolin og perkusjon.

Musikalsk møte

Lyden av Bright Future er lyden av desse menneska – som ikkje hadde arbeidd saman før – og instrumenta dei trakterer i eit rom, idet dei spelar i lag, der og då. Det kan ikkje vere tvil om at desse omstenda spelar inn på nærleiken som kjenneteiknar musikken. Produksjonen er slik at du kan høyre rommet vi er i, som på det nedstrippa opningssporet «Real House», som verkeleg dreg lyttaren inn i Lenkers univers.

Låten er prega av sterke, suggestive bilete og tematiserer omsorg – med scener frå ein barndom og eit sjukehusopphald i tenåra, alt skildra med ei kraft som gjer at det festar seg i minnet: «I never saw you cry/ not until our dog died/ and our whole family came back together/ when you held her body as they put the needle in her.»

Kunstnarleg filosofi

Det høyrer med til historia at Weinrobe og Lenker brukte dagevis på å gjere klart rommet dei spelte inn i, før musikarane på Bright Future kom: Dei kledde sjølve veggene med teppe, samla kvistar og greiner på spaserturar i nærområdet, og, som i ein total leirbålklisjé, førebudde slik det berre var å fyre i peisen. Broren til Lenker kom og laga mat dei dagane dei var der, fortel artisten i eit nyleg intervju med Uncut.

Der kjem det fram at denne måten å lage musikk på inngår i ein slags kunstnarleg filosofi. Ein song som «Vampire Empire» er utstyrt med kompromisslaust rå lyd, og for Lenker utgjer dette aspektet ved innspelinga ein viktig del av låtens identitet. Ofte framstår albumet slik som ein dokumentasjon av kva som skjedde dei dagane då akkurat desse musikarane var saman.

Somme lesarar vil kjenne Lenker frå Big Thief og frå tidlegare soloplater, begge delar omtalte på desse sidene fleire gonger. Den produktive låtskrivaren veit ikkje alltid kvar songane hennar er på veg, og både «Sadness as a Gift» og «Vampire Empire» har vore å høyre før i andre versjonar med bandet ho framleis er ein del av.

Bright Future er eit nytt kapittel i ei større historie om eit musikalsk landskap med fleire forgreiningar og står ikkje tilbake for tidlegare utgivingar. Albumet er obligatorisk lytting for alle som følgjer Lenker, og dei håpar eg det berre vert fleire av.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis