JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

«Overraskar ikkje, men leverer noko viktig.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Arve Henriksen og Harmen Fraanje møttest i Utrecht i 2019 og har no gjeve ut albumet Touch of Time.

Foto: Caterina Di Perri / ECM

1849
20240315
1849
20240315

Jazz

Arve Henriksen / Harmen Fraanje:

Touch of Time

Arve Henriksen, trompet
og elektronikk; Harmen
Fraanje, piano. ECM

Ti studiar i melankoli

Duoen overraskar ikkje, men leverer noko viktig.

Fraanje og Henriksen møttest til ein konsert med improvisert musikk på Transitionfestivalen i Utrecht i 2019, og ifølgje Fraanje skjøna dei båe at dette berre var byrjinga. Touch of Time stadfester dette. Duoen har absolutt noko å melda.

Bodskapen overraskar ikkje, men er fascinerande på eit stadfestande vis. Plata er spelt inn i studioet i Lugano som ECM nyttar ofte. Manfred Eicher er produsent, og lyden er stroken frå første til siste tone.

Plata er sett saman av ti studiar i melankoli. Opningssporet heiter faktisk «Melancholia» og set standarden. Konserten i 2019 var improvisert. Her har dei teke utgangspunkt i det dei kallar kompositoriske «rammeverk». Tre låtar har dei arbeidd ut saman, men dei andre sju er førte i pennen av Fraanje. «The Beauty of Sundays», ein Fraanje-låt, kunne med ein tekst og litt musikalsk makeup blitt ein hit. Også «Passing on The Past» har eit forførande tema. All musisering går i ettertenksame tempo.

Det absolutte høgdepunktet på plata er den mest ni minuttar lange «Redream», som dei har skrive i lag. Ikkje berre har komposisjonen eit karakteristisk tema, men dei utviklar eit musikalsk forløp som inneheld temavariasjonar, mellomspel på piano og ein sekvens elektronikk som introduserer eit mørker det ikkje finst så mykje av på plata elles.

Når dei vender attende til temaet, er det ikkje emosjonelt på same staden dei byrja. Det er noko logisk naudsynt over kuttet som følgjer, «The Dark Light». Fraanje og Henriksen har levert som forventa, men me tek gjerne ein runde til.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis