JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Nærast er du når du er borte

The Northern Belle lagar songar merkte av ein elegant detaljrikdom.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stine Andreassen er kaptein i The Northern Belle.

Foto: Julia Marie Naglestad

2851
20240308
2851
20240308

Rock

The
Northern Belle:

Bats in the Attic

Die With Your Boots On Records

Fire strofer og eit refreng er alt Stine Andreassen treng for å trylle fram eit heilt lite univers i «Merchant Navy Hotel», eit høgdepunkt på Bats in the Attic, det dagferske albumet til The Northern Belle. Den stemningsfulle songen er, med sine livfulle scener, som ein liten spelefilm i miniatyr – verselinene er prega av ein eigen autentisitet, som om det som vert fortalt, er levt liv.

Ikkje overraskande, då, at nett det er tilfellet, og at det anekdotiske grunnlaget for skildringa finst i Andreassens eiga familiehistorie. Ein gong på slutten av 1960-talet vitja bestemora bestefaren, som var sjømann og låg til hamn i Middlesbrough. Dei drakk kaffi og såg spelefilmar i sjømannskyrkja, tok føre seg speleautomatane på hotellet, og dansa. «Merchant Navy Hotel» er merkt av ein elegant detaljrikdom, der filmrepertoaret i kyrkja seier noko om dei lengslene og fryktene menneske ber på, i møtet med sine eigne livslagnader, idet dei utfaldar seg.

Brev på loftet

Det var litt av ei gullgruve bandleiar Andreassen kom over då ho fann ein brevbunke på eit loft: Bestefaren hadde sendt fleire hundre brev til bestemora, i ein korrespondanse som levandegjer eit forhold som periodevis er prega av avstand. I «Our Own Frequency» får vi høyre om «your sweetest serenades/ then burning bitter lines», og i «Japanese» finst både misforståingar og oppklaringar i susen på telefonlina, der ei anna røyst enn den som finst i skrifta, slepp til. Ho som vart att heime, fantaserer om han som drog ut: Korleis høyrest namnet ditt ut på japansk?

Smakfullt og lett

I The Northern Belle finn du, forutan Andreassen (vokal og gitar), Bjørnar Ekse Brandseth på gitarar (inkludert steel), Johanne Flottorp på hardingfele og kor, Trym Gjermundbo på trommer, Ole-Andre Sjøgren på gitarar og kor, og Marie Tveiten på kor. Det musikalske uttrykket er smakfullt og lett, i den mjuke popenden av americana-spekteret. Snorre Kiil Saga er med på bass, Solveig Wang på tangentar, og Marcus Forsgren har produsert saman med bandet. Alt er solid til fingerspissane.

Bats in the Attic har ein slags tverrgenerasjonell glød over seg, sidan Andreassen også har vorte mor i perioden då albumet vart til, og nyfødd liv er tema i «Stargazer». Perspektivet tilfører materialet nye klangbotnar, i eit knippe songar som er menneskenære, og ikkje styrer unna livets store kontrastar og paradoks. Plata sirklar inn det som er nært, og det som er fjernt, for desse er ikkje faste storleikar, men snarare noko som er i rørsle livet gjennom – for besteforeldre så vel som for den oppveksande generasjonen.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis