Klangarkitektur
Oslo Strykekvartett spelte meisterverk frå kvartettlitteraturen i Bergen.
Oslo Strykekvartett blei grunnlagd i 1991.
Foto: Andrej Grilc
Konsert
W.A. Mozart, N.H.
Asheim, M. Ravel:
Strykekvartettar
Oslo Strykekvartett.
Opus 16 i Bergen, onsdag 6 mars.
Bergen Kammermusikkforening held konsertane sine i gamle Bergens Kreditbank på Vågsallmenningen, i nyrenessansebygningen som på folkemunne blir kalla «Banco Rotto». Den hyser no hotellet med det noko kryptiske namnet Opus 16. Nyss gjekk det opp for meg kva namnet tyder: 16 er opusnummeret til «a-mollkonserten», og bygningen hyser også ei lita permanentutstilling om Grieg.
Konserten med Oslo Strykekvartett førre onsdag synte eit vidt spenn i kvartettlitteraturen. Han byrja med mogen wienerklassisisme av Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) og blei avslutta med klassisistisk inspirert impresjonisme av Maurice Ravel (1875–1937). Mellom dette fekk me samtidsmusikk av Nils Henrik Asheim (fødd 1960).
Den franske komponisten Maurice Ravel (1875–1937).
Asheim og Ravel
I Asheims strykekvartett Learn to wait frå 2022 ligg der løynd ein folketone frå Telemark, nemleg «Jøkolen og fagran fonni». Eg oppfatta ikkje tonen, for det er vanskeleg å kjenna att noko ein ikkje kjenner frå før. Tydeleg var derimot dåmen av kvit og frostal fonn; karrig harde akkordar blei avløyste av isklåre overtoneklangar, og mangelen på basstonar fekk det heile til å sveva. Dei musikalske verknadene var effektive, for Asheim kan komponisthandverket, og framføringa til musikarane var god. Men utviklinga i stykket – detaljane i høve til heilskapen – dette fekk eg aldri heilt grep om.
Mest «heime» gav musikarane inntrykk av å kjenna seg i Ravels Strykekvartett i F-dur, op. 35. Stykket frå 1903 er meir neoklassisk enn impresjonistisk, med klår form og utvikling. Stundom fekk eg assosiasjonar til Grieg, særleg i fyrstesatsen (i sidetemaet), der fyrstefiolinen og bratsjen spelar den lyriske melodien parallelt over celloens luftige pizzicato-bass. Pizzicatoar innleiar også den rytmiske andresatsen, som var ein samspelsmessig kraftprestasjon. Tonaliteten er her eksotisk austerlandsk. Om Ravel var inspirert av såkalla gamelan-musikk frå Java, eller av baskisk folkemusikk, veit me ikkje – men satsen er uansett festleg.
Mozart
Om Ravel blei best framført, var konsertens kompositoriske høgdepunkt Mozarts Strykekvartett nr. 23 i F-dur. I denne tredje og siste av dei såkalla «prøyssiske kvartettane», som var hans aller siste innan sjangeren, spelar celloen ei nøkkelrolle. Ja, så virtuos er cellostemma at det stundom kling som ein cellokonsert. Verkgruppa var då òg dedisert til ein ivrig amatørcellist, nemleg kong Fredrik Vilhelm II av Preussen, i 1790.
Der er ein vedunderleg balanse ved den musikalske arkitekturen, særleg i fyrstesatsen, der temaa sprett som pingpongballar mellom instrumenta. Framføringa av den snøgge sistesatsen var best – sjølv om cellisten burde justert ned vibratoen sin nokre hakk. Når celloen bivrar for mykje på basstonane, skiplar dette det harmoniske fundamentet i ensembleklangen.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.