Joik på nye vegar
Lávre har blanda tradisjonelle element med moderne lydbilete på overtydande vis.
Lávre Johan Eira har laga eit overtydande debutalbum, meiner Sigbjørn Apeland.
Foto: Hildá Länsman
Samisk indie
Lávre:
Vulozat
Fierran Records
«Samisk indie» er forslaget Lávre Johan Eira har til kategorisering av musikken sin. Musikken er rett nok utgjeven på eit uavhengig (independent) plateselskap, men elles har dette lite til felles med det rufsete elgitarprega lydbiletet som ofte karakteriserer indierocken.
Her er det derimot eit gjennomført mjukt og vennleg lydbilete som dominerer, og det sentrale tradisjonselementet joik vert sett saman med lydbilete prega av akustiske gitarar og elektroniske klangflater, ofte drivne fram av bassist Svein Schulz og perkusjonist Jakop Janssønn. Dei to har òg produsert plata. Av og til tilfører det luftige trompetspelet til Ole Jørn Myklebust eit diskré preg av moderne jazz.
Lavir
Det er slett ikkje alltid møtet mellom tradisjonelle element og instrumentering/stiltrekk frå jazz/pop/rock fungerer like godt. Det er eit problem innan mykje av den nyare folkemusikken/verdsmusikken at gamalt og nytt ikkje smeltar saman på truverdig vis, men vert ståande som parallelle element. Men slik er det ikkje her. Det er ei ro over produksjonen som gjer at det totale lydbiletet framstår som ein heilskap, der vokalt uttrykk, akustiske og elektriske element ikkje stangar mot kvarandre, men underbyggjer kvarandre.
Lávre skriv på omslaget at han er oppteken av å plassera seg i ein joiketradisjon inspirert av oldefaren, som i arkivopptak opnar plata, samstundes som han vil vera ein nyskapande musikar i samtida – ein ambisjon ein ofte møter blant yngre tradisjonsmusikarar. Dette er ei overtydande debutplate, og det skal verta spanande å fylgja Lávre vidare på den musikalske reisa.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.