JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

J.Lo, før og no

Jennifer Lopez er i storform på sitt første album på ti år.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1699
20240315
1699
20240315

Pop / RnB

Jennifer Lopez:

This Is Me...Now

Nuyorican / BMG

This Is Me...Now er tittelen på soul- og latinpop-ikonet Jennifer Lopez’ niande album og ein oppfølgjar til hennar tredje plate, This Is Me...Then frå 2002. «Now» og «then», «no» og «då», «altså», «då»: Kven har vel – eigentleg – nokosinne vore i stand til å motstå den spretne synkoperte vokalen og silkemjukt knallharde stilen i megahiten hennar «Jenny From The Block»? På This Is Me...Now er det ei modna utgåve av old school J.Lo-stil som vert servert, og ho er i storform i den opne handsaminga av eksistensen som gjenstand for sladderbladspekulasjon og ekte menneske.

«Dette er ei sjelfull plate der Jennifer viser musikalske musklar.»

Knasande sprø trommer piskar trommehinnene i sving og jagar nervesystemet inn i dansemodus. Chaka Khan har bidratt med vokal på den storbandfunkliknande songen «Can’t Get Enough». «Rebound», med sin forknytte musikkvideo og urovekkande lyriske parforholdstankefelledans i glashus, oser av klassisk R&B à la Destiny’s Child og Christina Aguilera kring år 2000. Djupe pianoakkordar og svære strykarar vert blanda inn i miksturen på «Hearts And Flowers», og dei stadfester (svart på kvitt og bokstaveleg) at 54-åringen stadig er Jenny frå blokka.

Dette er ei sjelfull plate der Jennifer viser musikalske musklar. I møte med slikt som dette skal ein vere høveleg kontrollert for å halde hoftebøyarar og nakkemusklar i sjakk. I ljos av handsaminga hennar av livets flokete karakter kan ein vel seie at vi alle er Jennifer Lopez no og då.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis