«I et landskap legg opp til eit poesimøte mellom generasjonar.»
Tora Augestad, Torbjørn Dyrud og Mathias Eick byr på lyrikk og musikk.
Foto: Trygve Lange-Nielsen
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Tonesett poesi
Tora Augestad, Torbjørn Dyrud og Mathias Eick:
I et landskap
Grappa
Ein draum i eplehagen
Albumet I et landskap byr på tonesett poesi.
Korleis hadde forfattarskapen til Jon Fosse sett ut utan draumen, utan det drøymande? Tanken slår meg i møtet med «Vi er slikt stoff», opningssporet på albumet I et landskap, som byr på tonesett poesi og gjer seg gjeldande igjen idet utgivinga munnar ut i «Den drøymde draumen».
At to Fosse-dikt, begge med forankring i Shakespeare og draumen som sentralt motiv, rammar inn plata, verkar passande. Det er nemleg noko drøymande over klangbiletet på I et landskap, som er framført av ein nyslått trio som består av Tora Augestad, Torbjørn Dyrud, og Mathias Eick.
Uttrykket er mildt, lyrisk og elegant, slik at trompeten til Eick og klaverspelet til Dyrud omgir orda, snarare enn nokon gong å stille seg i vegen for dei. Spennet er elles stort både tidsmessig og på andre måtar, med poesi frå to hundreår – her er det rom for både Wergeland og Inger Hagerup, Arnulf Øverland og Georg Johannesen. Både Augestad, Eick og Dyrud har sett musikk til ulike dikt, og dei kom saman i Rainbow Studio nokre dagar i haust og sette det heile saman.
Rik tradisjon
Å framføre poesi med musikalsk følgje er ein eigen kunst, og det finst ein rik tradisjon i så måte. For min del har eit slikt uttrykk opna fleire dører inn til diktinga, ikkje minst i slutten av tenåra og i tjueåra, då eg fann vegen til Bjørneboe via Anne Grete Preus og til Obstfelder via Jan Erik Vold. Vegen vart dermed kort til klassikarar på området, til dømes tolkinga av tekstar frå Hamsuns Det vilde Kor (1904) på Bjørnstad/Paus/Hamsun (1982).
Mitt første møte med Tove Ditlevsen kan eg takke Kari Bremnes for (Mitt ville hjerte, 1982). På sitt beste kan slike album, i kraft av det kunstnarlege møtet det rommar, by på nye inngangar til poesien, som når Susanna Wallumrød tolkar Gunvor Hofmo (Jeg vil hjem til menneskene, 2011).
Å bruke ord som «formidling» verkar nesten i overkant prosaisk, men det kan ikkje vere tvil om at poesien på denne måten når nye og andre lyttarar og lesarar, finn vegen inn i nye og andre rom.
Generasjonsmøte
I et landskap framstår i ein slik samanheng som ein god, gammal antologi, med ei samansetjing av materiale som dels reflekterer ulike engasjement Augestad, Eick og Dyrud har hatt opp gjennom åra, og dels interesser av nyare dato.
Det er trygt og fint, og når eg sit og lyttar, tek eg meg i å tenkje at hadde dette kome ut for nokre år sidan, så skulle eg ha sett meg ned og lytta saman med den gamle mor mi. Slik sett legg I et landskap på sitt vis opp til eit poesimøte mellom generasjonar der ein møtest i spørsmåla om kva det vil seie å vere menneske. Diktets eigne tilgang til det eksistensielle er tydeleg nok, om kanskje ikkje akkurat farleg eller ubehageleg, i desse mjuke klangane.
Til liks med diktspalta i denne avisa fører tonesett poesi lyttaren ikkje berre fram til nye dikt, men også tilbake til gamle, og tilgangen er i så måte annleis no enn han var då slike plater kom ut før i tida.
Når Cathrine Strøm skriv om «I et landskap» på desse sidene, som ho gjorde for eit års tid sidan, eller når Augestad syng, vert vegen kort til NRK-opptaket der Inger Hagerup sjølv les diktet – og det er i seg sjølv ein stor kvalitet.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.