Heilstøypt av Potter
Det finst ikkje mange moderne tradisjonsberarar som denne kvartetten.
Jazz
CHRIS
POTTER:
The Dreamer Is The Dream
Chris Potter, saksofonar, klarinettar, fløyte, ilimba og sampling, David Virelles, piano og celesta, Joe Martin, bass og Marcus Gilmore, trommer og perkusjon. ECM 2519
Chris Potter er ute med den tredje ECM-plata sidan The Sirens kom i februar 2014. Innspelinga er med kvartetten han for tida reiser rundt med, og det høyrest. Plata viser fram dei fleste fasettar ved kvartetten, men dette er først og fremst ei oppvising i lyrisk eleganse.
David Virelles frå Cuba er også kjend frå samarbeid med Tomasz Stanko, Henry Threadgill og Jane Bunnett. Sjølv om han slepper til som solist innimellom, på uvanleg originalt vis i «Yasodhara», til dømes, er det hovudsakleg rolla som tenksam og lydhøyr akkompagnatør Virelles fyller på denne plata. Det gjer han til gagns.
Bassist Joe Martin og trommeslagar Marcus Gilmore (barnebarnet til Roy Haynes) taklar på eksellent tandemvis alle utfordringane i Potters musikk. Med så mykje av stoffet i balladetempo blir fargeleggingsevna sett på prøve, men i delar av repertoaret er tempoet høgt og temaet og rytmikken intrikat. Dette sjenerer kompet lite; det svingar like leikande lett.
Dette er på alle vis Chris Potters plate. Han har signert alle seks låtane, og er dominerande solist. Det er ikkje keisamt eit sekund. Potter er ei oppkome av idear, og han trakterer store deler av treblåsarfamilien med tilnærma same autoritet, men å høyra han på tenorsaks i «Heart in Hand» og «Ilimba» får deg til å innsjå at vi her har med ein av dei flottaste improvisatorane i dagens jazz å gjera.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
CHRIS
POTTER:
The Dreamer Is The Dream
Chris Potter, saksofonar, klarinettar, fløyte, ilimba og sampling, David Virelles, piano og celesta, Joe Martin, bass og Marcus Gilmore, trommer og perkusjon. ECM 2519
Chris Potter er ute med den tredje ECM-plata sidan The Sirens kom i februar 2014. Innspelinga er med kvartetten han for tida reiser rundt med, og det høyrest. Plata viser fram dei fleste fasettar ved kvartetten, men dette er først og fremst ei oppvising i lyrisk eleganse.
David Virelles frå Cuba er også kjend frå samarbeid med Tomasz Stanko, Henry Threadgill og Jane Bunnett. Sjølv om han slepper til som solist innimellom, på uvanleg originalt vis i «Yasodhara», til dømes, er det hovudsakleg rolla som tenksam og lydhøyr akkompagnatør Virelles fyller på denne plata. Det gjer han til gagns.
Bassist Joe Martin og trommeslagar Marcus Gilmore (barnebarnet til Roy Haynes) taklar på eksellent tandemvis alle utfordringane i Potters musikk. Med så mykje av stoffet i balladetempo blir fargeleggingsevna sett på prøve, men i delar av repertoaret er tempoet høgt og temaet og rytmikken intrikat. Dette sjenerer kompet lite; det svingar like leikande lett.
Dette er på alle vis Chris Potters plate. Han har signert alle seks låtane, og er dominerande solist. Det er ikkje keisamt eit sekund. Potter er ei oppkome av idear, og han trakterer store deler av treblåsarfamilien med tilnærma same autoritet, men å høyra han på tenorsaks i «Heart in Hand» og «Ilimba» får deg til å innsjå at vi her har med ein av dei flottaste improvisatorane i dagens jazz å gjera.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.