Fire songsyklusar
Ein gamal sjanger vert fylt med nye dikt og ny musikk.
Sopranen Helga Johanne Størdal syng dikta til fleire norske forfattarar.
Foto: Ina-Kristin Tvete
Konsert
Fleire komponistar:
Når ord blir musikk
Helga Johanne Størdal, sopran, og Ole Martin Huser-Olsen, gitar.
Litteraturhuset i Oslo,
12. september
På attenhundretalet var lieder datidas popmusikk, ikkje for ungdom, men for det vaksne borgarskapet. Desse songane skil seg frå til dømes visene til Bellmann, som høyrer heime i ein aristokratisk periode, og frå folkesongar frå ein førmoderne periode, ikkje minst ved at dei vert framførte i borgarlege stover, av ein kunstsongar, altså ein songar flytta frå operaen og inn i ein borgarheim, til akkompagnement av klaver i staden for orkester.
Tekst til ein lied kom frå samtidige romantiske diktarar, som skreiv einskilddikt med inspirerande tema og rytmikk for komponistar. Men dei skreiv òg diktsyklusar, der dikta hadde felles tema og til saman kunne laga ei forteljing. Når så komponistar sette musikk til dette, vart det til ein songsyklus som på eit vis vart eit slag kammeropera inne i den borgarlege stova.
Sjangeren vart særleg utvikla i Austerrike og Tyskland gjennom 1800-talet, av Beethoven, Schubert, Schumann og Wolf. Mahler erstatta klaveret med orkester. I Noreg laga Grieg åtte songar frå Haugtussa. Utover på 1900-talet har sjangeren vorte sjeldnare brukt, særleg av di «klaverborgarskapet» døydde ut, medan diktarane hadde vorte modernistar som skreiv utan mykje rytmisk musikk i dikta sine.
Dikt og musikk
No har fire norske komponistar vorte kopla saman med fire norske diktarar og to utøvarar – ein klassisk gitarist og ein songar. Gisle Kverndokk har laga musikk til tre dikt av Catherine Blaavinge Bjørnevog, som skriv på eit poetisk sjølvkonstruert dialektspråk; Kjell Habbestad har laga musikk til sju nynorske dikt av Ruth Lillegraven, Ewa Serafin til fem dikt av Casper André Lugg og Marcus Paus til tre av Ulrik Farestad.
I det siste tilfellet nærmar syklusen seg Wagnersk Gesamtkunst, ettersom Farestads dikt er skrive til tre måleri av Christopher Rådlund: tre kunstslag smelta saman. Desse tre – Paus, Farestad og Rådlund – har dessutan vorte kjende som representantar for noko som vert kalla «retrogardisme», det motsette av avantgardisme. Difor er det ikkje rart at dei deltek i gjenopplivinga av ein gamal sjanger. I musikken til ein av Farestads klassiske sonettar kunne Paus til og med sitera Tristan-akkorden.
Det minst narrative verket var Serafin og Luggs verk, der musikk og tekst skildrar tilstandar som mest heng saman gjennom eit felles poetisk blikk. Medan Kverndokk, som er mest kjend som operakomponist, har leita fram ei forteljing i tre Kvitebjørn Kong Valemon-liknande dikt. Men i båe desse tilfella kunne det vore betre med fleire songar, slik at vi kunne koma betre inn i desse særeigne poetiske universa.
Den mest typiske (og lengste) songsyklusen er den til Habbestad og Lillegraven, som skildrar livet til ei einsleg sydame i ein vestlandsfjord fortald på enkelt, men inderleg vis og med forsterkande musikk. Eit slags motstykke til Haugtussa-songane. Der fekk vi tid til å verta emosjonelt engasjerte.
Miniorkester
Dei to som har initiert prosjektet og som framfører musikken, er sopranen Helga Johanne Størdal og den klassiske gitaristen Ole Martin Huser-Olsen, slik at gitaren her erstattar det tradisjonelle klaveret som akkompagnement, eller, vel så ofte, som eit miniorkester. Størdal har perfekt stemme for dette intime formatet, medan Huser-Olsen er suveren som gitarorkester. Dei skal ha ekstra ros for intensjonane om å henta fram ny norsk lyrikk inn i ny norsk musikk. Ein kunne tenkja seg at det vert arbeidd vidare med dette prosjektet slik at det til slutt vert til ein CD.
Konserten vert gjenteken 3. oktober i Hvaler kyrkje og 24. oktober under Asker kammermusikkfestival.
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Størdal har perfekt stemme for dette intime formatet, medan Huser-Olsen er suveren som gitarorkester.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.