Ei global perle
Nils Økland gjer folkemusikken internasjonal.
Nils Økland leier ensemblet med stor overtyding, skriv Jan Granlie.
Foto: Malene Kristopine Økland
Folkemusikk / Jazz
Nils Økland Band:
Gjenskinn
Nils Økland fele, hardingfele; Sigbjørn Apeland, harmonium og Fender Rhodes; Rolf-Erik Nystrøm, saksofonar; Håkon Mørck Stene, perkusjon, vibrafon, elektronikk; Mats Eilertsen, bass. Hubro Records
Fiolinisten Nils Økland er ein av dei mest spanande fiolinistane me har i Noreg. I tillegg har han blitt eit førebilete for fleire av dei yngre musikarane på hardingfele, som ikkje har følt seg heilt heime i den tradisjonelle folkemusikken.
Frå starten, med det litt prøvande felespelet i «Minimalvals», der han saman med Eilertsen gjer denne til den perfekte innleiinga, til avslutninga «Silhuett» legg han lista svært høgt. Øklands spel har heile vegen den tyngste foten i folkemusikken og den andre i jazzen og improvisasjonsmusikken.
Nils Økland Band.
Foto: Ellen Ane Eggen
Spelet er mystisk, mytisk, vakkert og kreativt, som kom spelet frå det underjordiske, og med Eilertsen som støttespelar framfor nokon blir dette ei høgtidsstund. Nystrøms saksofonar leikar seg høgt og lågt, og han legg heile tida inn spanande innspel som lyfter musikken. Og Stenes perkusjon og vibrafon, og innimellom velretta elektronikk, skapar ein heilskap i musikken som går utanpå det meste me har høyrt av slik musikk tidlegare.
Økland leier ensemblet med stor overtyding, og dei andre musikarane legg seg tett på bandleiaren og følgjer tankane hans frå start til mål, som om dei kan lesa tankane hans, anten han omskapar det norske eller det egyptiske, irske eller det fritt improviserte. Utgjevinga er fullstappa med nydeleg spel som gjer musikken global.
Økland og venene hans har laga ei perle av ei plate.
Jan Granlie
Jan Granlie er redaktør av nettidsskriftet salt peanuts* og frilans musikkskribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Nicolas Leirtrø, Øyvind Leite og Amund Storløkken Åse utgjer trioen med namnet I Like to Sleep.
Foto: Sigrid Erdal
Spanande klangunivers
I Like to Sleep har laga ei mangfaldig plate.