JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Bitande varm folketechno

Remutes nyaste spelkonsollproduksjon, som er laga for Atari Jaguar, bit frå seg som det mest kosete rovdyr.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1834
20240405
1834
20240405

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Elektronisk
musikk

Remute:

There Is Hope

Bandcamp

Hamburgske Remute er tilbake med eit album på obskurt spelkonsollformat, og denne gongen er det Atari Jaguar frå 1993, den første «64-bits»-spelkonsollen, som er avspelar. Jaguar var ein spektakulær marknadsflopp, og dei færraste har nok ein slik konsoll kopla opp til hi-fi-anlegget. Frykt ikkje, det er håp, for There Is Hope er tilgjengeleg i vanlege digitale format òg.

På menyen står fengjande techno med knasande sprø trommer og ihuga, songbare synthbassliner som sender tankane til new wave-musikk à la New Order og Kraftwerk. Sistnemnde var viktig for utviklinga av arbeidarklassesjangeren «Detroit techno», som fann inspirasjon i rommet mellom dette tyske maskinmusikkpionerbandet, George Clinton og Parliament-Funkadelics p-funk, med maskinell kulde og varm funk som dannar grunnlaget for miksturen: kvasse tenner og mjuk, varm pels.

På «Unknown Walker» glideflyg frosne synthliner over urbane ruinar, og på «Oblivious» poppar kornete syntharpeggiato halvvegs lystig i veg medan synthpop-vokalen viser til Bowies cyberpunkete utflukter på albumet Outside. Remutes songstemme osar ikkje akkurat av virtuositet, men funkar til føremålet: Når eg høyrer den heller kvarmannslege kaukinga på tittelsporet på «There Is Hope», får eg assosiasjonar til Joy Devision, forgjengaren til nemnde New Order.

«Come together», syng han med laus intonasjon, inkluderande, folkeleg, demokratisk. Bruken av gløymd teknologi læt på den eine sida som ei åtvaring, men så er det jo håp i dystopien, som tittelen seier. Dersom vi kjem saman om eit felles mål, som vi må no, då.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis