Ærleg om livet
Psykisk helse behandla i visetradisjonen.
Debutalbumet til Trine Duesund Straume er ute.
Pressefoto
Viser
Duesund:
Over vannet
Trine Duesund Straume, vokal, gitar, munnspel; Jens Kristian Mørkeby Rimau, piano; Eline Rafteseth, bass; Elisabeth Lid Trøen, saksofon, fløyte; Mathias Saue Røyrvik, gitar; Kåre Opheim, trommer, perkusjon; Eirik Straume Normann, vokal. Apollon Records
Songaren og låtskrivaren Trine Duesund Straume er nok mest kjend på vestsida av Langfjella. No fortel ho ærleg om sitt 36 år lange liv med utgjevinga Over vannet, den første soloplata hennar.
Straume bor «der ingen skulle tru at nokon kunne bu» i Vaksdal kommune. Etter ein heftig fødselsdepresjon, som ho har stått fram med i fleire lokale medium, fortel ho no om livet og kva depresjonen gjorde med livet hennar. Men det blir aldri for personleg eller privat. Ho fortel historia med eit allment bakteppe som treffer oss rakt i hjartet.
Entertainer
Ein av sleppkonsertane for plata blei arrangert i Gamlekinoen på Voss. Og i løpet av konserten fann eg ut at Duesund ville ha heva kvaliteten på mange «talkshow» som florerer på norske fjernsynskanalar. For ho er ein entertainer i elitedivisjonen. Ho har mykje seriøst å melda om psykisk helse, og ho framfører historiene sine på ein måte som går rett i sjela til lydaren, samstundes som ho gjer det på ein sjarmerande måte.
Musikken ligg tett på singer/songwriter-tradisjonen. Heile vegen har ho alvorlege og djupe tekstar som er viktige å formidle.
Fin vibrato
Stemma hennar har ein fin vibrato som minner om svenske Sofia Karlsson, som for nokre år sidan gjorde ei glimrande plate med Dan Andersson-tekstar. Med akustisk gitar som det viktigaste instrumentet ved sida av vokalen, og med resten av bandet som støtte og utfyllande element, blir dette ein heilskap som fasinerer.
Bandet er heile vegen strålande. Saksofonspelet passar perfekt. Gitaren fungerer fint, og bass- og trommespelet er som skapt for settingen. Men det er Duesunds vokal eg fell mest for. Ho har ei flott stemme, som passer perfekt til komposisjonane, og med desse tekstane gjer ho albumet til ei særs viktig utgjeving innafor sjangeren i Noreg.
Jan Granlie
Jan Granlie er redaktør for nettsida salt peanuts* og frilans kulturarbeidar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.