Bok
Musikk og ulåtar
Ellen Rømming klarer å gripe lesaren, men kan nok riste av seg nokre klisjear.
Ellen Rømming er statsvitar og romandebutant.
Foto: Vigmostad Bjørke
Av og til blir det spurt etter musikalitet i sosiale relasjonar. Når det gjeld søstrene Ingrid og Maria, har dei mest musikalitet når det kjem til musikken. Ut over det gjer dei dels så godt dei kan, og det er slett ikkje dårleg somme tider, dels har dei så mykje å bale med at dei ikkje har overskot til å løfte blikket mot omgjevnadane. Begge har i første rekke Ingrid å stri med.
Den familien, altså
Storesøstera Ingrid er ein gåverik pianist. Det er ho som har foreldra si kunstnariske merksemd. Eller merksemd og merksemd – faren er fiolinist og dirigent på elitenivå og turnerer Europa. Mora er utstasjonert i Malawi og kjem sjeldan heim. Når ho gjer det, har ho dårleg tid til alt som gjeld døtrene, og den tida ho har, brukar ho til å klage over dårleg samvit over all tida ho ikkje har til dei. Farfar og farmor i nord er trygge hamner, men fåmælte og langt unna.
Søstrene er mykje overlatne til seg sjølve i Oslo. Men dei er då også vaksne. Ingrid skal snart ha ein eksamenskonsert på musikkhøgskulen, Maria tar hovudfag i historie på universitetet. Dei reiser til Dresden og Risør for å høyre klassisk musikk. Dei har eit tett og godt forhold. Heilt til dei har eit tett, vanskeleg og klaustrofobisk forhold. Ingrid skjenar ut i mentale sjukdomssymptom, Maria prøver å redde henne og ofrar dermed andre vennskap og relasjonar.
Ellen Rømmings debutroman gir eit fint og tidvis sårt bilde av korleis dynamikken mellom familiemedlemmer kan veksle mellom å vere avgjerande og øydeleggande. Distansen faren og mora legg for dagen overfor døtrene, geografisk og kjenslemessig, kjennest på kroppen for lesaren òg. Mellom linjene forstår ein også at far har fått sine sår frå farfar, og at sånn går no skavankdagane og forplantar seg gjennom generasjonane.
språkleg umusikalitet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.