Musikalsk måtehald
Sjeldan var Händel meir inderleg enn då han skreiv ariar på morsmålet.
Händels tyske ariar er som musikalske stilleben. Her eit utsnitt av «Kurv med blomar» av den spanske barokkmålaren Juan de Arellano (1614–1676).
Standardinnspelinga
Georg Friedrich Händel:
Neun Deutsche Arien
Marie Friederike Schröder, sopran; Batzdorfer Ratskapelle. Accent 2017
Georg Friedrich Händels (1685–1759) Neun deutsche Arien er sjeldsynte blomar i den frodige kompositoriske buketten hans. Dei var alt i samtida lite kjende, og det gjekk to hundre år frå stykka blei komponerte kring 1725, til dei kom på prent. Likevel: Desse ariane er noko av det vakraste han skreiv.
Samlinga, som kan omsetjast til «ni tyske ariar», står i ei særstilling i komponistgjerninga hans. Dei er eitt av få døme på at han komponerer på morsmålet sitt – mest alle vokalverka har italiensk, engelsk eller latinsk tekst. For det andre er ariane tonesette med uvanleg poetisk akkuratesse – balansen mellom ord og tonar er fullkomen, og det musikalske overskrid aldri meiningsinnhaldet i poesien. Og for det tredje er komponisten her aldri ute etter å lokka fram kraftige kjensler i lyttaren, slik mykje annan barokkmusikk har som mål. Den oppbyggjelege naturlyrikken, som er av den tyske poeten Barthold Heinrich Brockes (1680–1747), uttrykkjer opplysingstidas etiske krav til måtehald og rasjonalitet. Denne etikken får estetiske konsekvensar i Händels måte å tonesetja på.
Kammermusikalsk
Me veit ikkje om ariane er oppdragsverk, eller om Händel komponerte dei på eige initiativ. Men sjølv om librettoen er religiøs, kan eg aldri førestilla meg at musikken var mynta på gudstenesta. Det er nemleg noko kammermusikalsk over den intime tonen og den svake besetninga, med éin songar, eitt melodiinstrument og instrumental bass. Kan hende såg Händel føre seg at ariane skulle framførast i privat samanheng? «Musikalske husandaktar» var populære i Tyskland den gongen.
Den inderlege tonen set visse krav til utøvarane, særleg til songaren. Denne bør la alle operafakter og alt virtuoseri fara. Ein avmålt stemmebruk er avgjerande for resultatet.
Stilleben
Ein sopran som innfrir, er tyske Marie Friederike Schröder. Albumet ho i 2017 gav ut med tidlegmusikkensemblet Batzdorfer Ratskapelle, er vel den finaste tolkinga på plate. Schröders røyst er linn og slank, vibratobruken avmålt og tekstuttalen tydeleg. Ornamenta som prydar repetisjonane, er smakfulle og høver til grunnstemninga i dei ulike ariane. I tillegg er songar og melodiinstrument (høvesvis fiolin, fløyte eller obo) vedunderleg samstemte.
Händel unngår, som nemnt, alle ekstrem. Måtehald i uttrykket og jamvekt mellom kjenslene er idealet. Ariane har ikkje handling, men teiknar fintmerkande bilete med detaljar som i eit stilleben.
Denne estetikken kunne ikkje vore meir ulik den me opplever i dei italienske
operaene hans frå same tid, der ariane grensar til musikalsk pyroteknikk. Er Neun deutsche Arien difor utypiske for Händels stil? Kan henda det. Men typisk for denne store komponisten er at han oppnår perfeksjon jamvel når han er på sitt mest utypiske.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Svar til Preben Aavitsland
Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
«Kald kveld» (1975), 51 x 64 cm. I dei seinare måleria lausriv Schultz seg frå dei strenge komposisjonsprinsippa og fører ein ny vitalitet inn i kunsten sin.
Verdien av det vakre
Telemark Kunstmuseum har løfta fram ein mellomkrigskunstnar som har vore gløymd altfor lenge. Fargekunstnaren Alexander Schultz (1901–1981) toler godt dagens lys.
Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.
Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB
Iransk kanondiplomati
Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.