Film
Moro for middelklassen
Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.
Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.
Foto: Prime Video
Forfattaren Thelonious «Monk» Ellison (Wright) underviser lettkrenkte studentar og riv seg i håret over både dei og det siste romanavslaget han fekk. På eit oppdrag for ein litteraturfestival høyrer han forfattarkollega Sitrana Golden (Kae), som gjev folket og forleggjarane det dei tydelegvis vil ha, og som Monk ikkje gjev dei: Lidingshistoria til den svarte mannen og kvinna, slik kvite folk framleis likar å tenkja på dei.
Samtidig må han tilbake til Boston, familien og det gamle middelklasselivet han er del av, og som er kvardagen hans, og ikkje som Sitrana skildrar i bestseljarboka We’s lives in da ghetto.
My pafology
Å, det er fornøyeleg underhaldning, dette! Kall det snobbete, men eg trur American Fiction vil appellera mest av alt til dei som les nettopp amerikansk fiksjon, eller i det minste har kjennskap til bokbransjen og alt snobberiet her. Når det er sagt: Filmen er akkurat av den typen som gjer at eg stadig blir sitjande og le høgt for så i neste augeblikk bli usikker på om eg eigentleg ler av meg sjølv no.
Eg tenkjer at eg og Monk, me forstår kvarandre – som om ikkje han med eit halvt auge ville sjå meg som akkurat dei han vil til livs: politisk-korrekt-middelklasse-boklesarar av den bleike sorten. Men eg er jo ikkje som alle dei andre! Eller? Og sånn fortset det.
Filmen er likevel langt snillare i kritikken av sitt publikum enn til dømes The Square (2027) av Ruben Östlund. Men her er altså raseaspektet inne i biletet i tillegg, og det i eit land med si heilt eiga form for rasisme og bakteppe. Ingen skal kjenna seg trygge – heller ikkje melaninrike sjåarar – men er det likevel akkurat noko ørlite for trygt med American Fiction?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.