Film
Mojn mojn, solidaritet
Hjem kjære hjem er frustrerande, rørande realistisk og burde vore obligatorisk for alle politikarar.
Jette Søndergaard spelar heimehjelpa Sofie, som skaper relasjonar både til dei eldre, her representert ved Else (Karen Tygesen) og til kollegaene sine.
Foto: Rolf Konow / Mer Filmdistribusjon
Nyskilte Sofie (Søndergaard) får seg jobb i heimesjukepleia i heimkommunen sin, Tønder på Sønderjylland, for å tena pengar til seg og dottera på ti år. Dei erfarne kollegaene Zola (Njogu) og Katrine (Knudsen) gjev ho ei innføring i dei mangslungne helsetenestene og ikkje minst brukarane.
Det fyrste besøket hennar er til Else (Tygesen), ei eldre dame som veit korleis ho vil ha grauten servert.
Takken
Alle skal bli gamle for fyrste gong, det finst ikkje eit menneske som har prøvd det før. Likevel er det som ei forventning eg har at gamle folk liksom veit korleis dette skal gjerast, som om dei er fødde gamle. Kanskje det har med måten dei vert framstilte på i samfunnet, som ei homogen gruppe som treng hjelp til alt.
Geriatri er den minst attraktive jobben innan medisin, og avisene fløymer over av saker om den skrikande mangelen på personell. Og så kjem Hjem kjære hjem og avkreftar på ingen måte det me høyrer om tidsklemme, rumpetørking og tunge løft.
Men det filmen får fram på så finstemt og rørande vis, er at alle i eit stort system er menneske. Livet i heimetenesta er ikkje glamorøst, men som ei veninne av meg i heimesjukepleia sa: Ho blir sett pris på kvar einaste dag. Kor mange kan seia det same om jobben sin?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.