Teater
Misjonærsatire som syng
The Book of Mormon er ei musikalframføring til toppkarakter.
Snorre Kind Monsson syner komisk talent, og Mimmi Tamba leverer ein strålande prestasjon, skriv Jan H. Landro.
Foto: Fredrik Arff / Scenekvelder
I ny omsetjing og ny regi held denne musikaloppsetjinga minst same høge nivå som noregspremieren på Det Norske Teatret i 2017. Og det seier ikkje så lite. Likeins er det freistande å hevde at vi også ved dette høvet har fått møte eit nytt stort komitalent.
For åtte år sidan var det Kristoffer Olsen, no er det Snorre Kind Monsson, båe i rolla som eldste Cunningham, som her med framifrå spel eigentleg overgår hovudrolla som eldste Price (Jakob Schøyen Andersen). Men saman er den sjølvgode Price og den usjølvstendige Cunningham eit uslåeleg par.
Latterleg galskap
Det finst mange måtar å vere ukorrekt på, men skaparane av TV-serien South Park klarar som få andre å kombinere det ukorrekte med det komiske og saftig satiriske slik at den latterlege galskapen lyser mot oss. I denne teksten haglar det med dryge utsegner. For tru og overtru har mykje å by på, og The Book of Mormon sparar ingen.
Frekt så det held, men utan vondskap. Og når sant skal seiast: Det finst mykje utruleg i religiøs tru. Dessutan finst det gode grunnar til å stille spørsmål ved trongen til å eksportere eiga tru til andre land og verdsdelar. Her har den vestlege verda mykje å svare for.
Mange her i landet har opplevd å få besøk av velkledde, høflege, unge amerikanske menn, som gjerne vil spreie den glade bodskapen til profetar som i ei fjern fortid skal ha levd på det amerikanske kontinentet. Kan dei ha vore indianarar, tru? I denne framsyninga møter vi representantar for det som eigentleg heiter Jesu Kristi kyrkje av siste dagars heilage. Dei er nyutdanna til misjonsgjerninga, og to av dei hamnar på landsbygda i Uganda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.