Bok
Minnerik oppleving
Eivind Sudmann Larssen har ein fast penn om utflytande storleikar.
Sentralt i forfattarskapen til Eivind Sudmann Larssen står historiene vi fortel om livet vårt.
Foto: Helge Skodvin
Frå då eg var lita, er det ting eg hugsar betre enn andre. Mamma, som var heime ein periode, hugsar eg knapt. Pappa, som knapt var der i same perioden, hugsar eg godt. Han kom heim frå turné som ein julenisse med gåver no og då, og fekk all æra.
Dette urettferdige, men klassiske forholdet skildrar Eivind Sudmann Larssen i romanen Vi er basert på en sann historie. Hovudpersonen slit med å hugse mora, som alltid var til stades, mens faren med sitt sjeldne oppmøte står i eit klart lys.
Minneobservasjonar
Minne er eit stikkord for Larssen: Korleis oppfører eigentleg hugsen vår seg? Han tar oss gjennom hovudpersonens forelsking i og sambuarskap med Therese – korleis begynte det, kvifor blei det akkurat dei to, med deira liv? Therese er ein tiltaksrik og vital kunstnar, hovudpersonen vår meir ein som innordnar seg, begge har dei likevel vore flinke til å lytte til kvarandre, til å omgåast; kvifor går dei likevel frå kvarandre? Er det noko som er utegløymt i hovudpersonens ettertidsanalyse? Korleis gjekk no dette med arbeid, kvardag, barn og økonomisk balanse og skeivskap?
Ramma er altså triviell, ein gjennomgang av ein epoke i et liv. Men pennen til Larssen er observant og løfter oss opp til meir utvida betraktningar: «Mange av dagene jeg har levd, husker jeg bare takket være rutiner jeg vet at jeg fulgte.» Eller om fenomenet «forhåndsnostalgi»: «Dette gleder jeg meg til å se tilbake på.»
Når hovudpersonen tenker tilbake på oppvekståra til barna Jakob og Julie, blir det til éin samanhengande periode, framfor at han hugsar oppveksten til kvar av dei. Dessutan viser forfattaren oss at hugsen ikkje er nokon stabil storleik – at det ein hugsa i går, kanskje ikkje er det same som det ein hugsar i morgon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.