Film

Metamøte på saueøya

Mia Hansen-Løve byr opp til dans med førebiletet sitt, mens eg prøver å ha ironisk distanse på vegner av oss alle.

Amy (Mia Wasikowska) og Joseph (Anders Danielsen Lie) i filmen frå øya der Ingmar Bergman budde store delar av livet.
Amy (Mia Wasikowska) og Joseph (Anders Danielsen Lie) i filmen frå øya der Ingmar Bergman budde store delar av livet.
Publisert

Regissørparet Chris (Krieps) og Andrew (Roth) har skriveopphald på Fårø, øya der Ingmar Bergman budde store delar av livet. Begge skriv på eit nytt manus, og Chris kjenner på presset for å få på plass forteljinga om Amy (Wasikowska) som ikkje klarar å slutta tenkja på eksen Joseph (Lie).

Klubbmøte

Når eg ser Bergman Island, drøymer eg meg tilbake til dei dagane eg var ung filmklubbgjengar, slukte Ingmar Bergman-filmar og følte meg opplyst og kulturell og på veg til å skjøna greiene her i livet. På mange måtar kjennest det som om det er litt det regissør og manusforfattar Mia Hansen-Løve gjer òg ved å laga denne filmen.

Skamlaust set ho seg sjølv inn i det landskapet som farga både han og filmane hans, og seg sjølv via hovudpersonen, regissøren Chris, som ein slags sidestilt storleik. Det er forfriskande, sidan ein så ruvande karakter som Bergman framleis kjennest heilag, trass i at han på ingen måte var nokon helgen.

Det vert heldigvis aldri lagt skjul på at både Chris og Andrew er uttalte fans og ikkje heva over å vera med på guida Bergman-busstur saman med andre meir eller mindre pretensiøse turistar.

Metametning

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement