Bok
Mellom vitskap og tru
Samanvevinga av rasjonell vitskap og kristen tru gjer Jesus til ein mislukka profet, skriv Per Bjarne Ravnå.
Ingen var vitne til at Jesus vart freista av djevelen, og møtet må derfor vere dikting.
Foto: Félix Joseph Barrias
Ettersom det ser ut til at det er naudsynt for alle samfunn å ha ein religion, kjem vi ikkje unna at vi i Vesten på nokre viktige område har vore heldig med vår kristne religion. Her er grunnen: Denne religionen vart stifta av folk som brukte eitt språk – arameisk – medan dei kanoniske tekstane er skrivne på eit anna, nemleg gresk. Då vert denne religionen ein omsetjings- og tolkingsreligion, der rasjonell filologi kan få frigjerande oppgåver. For det finst ikkje ein-til-ein-omsetjingar: Arameiske ord finn ikkje alltid eit heilt tilsvarande ord på gresk. Det krev i sin tur historiekunnskap og arkeologi for å rekonstruere kontekstar der orda vart sagt.
Fleire perspektiv
Dinest er det heldig at det ikkje berre er ei slik kanonisk framstilling: Det er fire evangelium og Paulus-breva. Då får vi fleire ulike perspektiv. Og sjølv om tre av evangelia går for å vera «synoptiske», det vil seie at dei har samanfallande perspektiv, er det mange skilnader mellom dei, nokre av dei motseiande. Her vert rasjonell vitskap direkte utfordra og ufriviljug invitert inn.
Men det var først med renessansehumanismen på 1400-talet at filologisk vitskap byrja å studera originalmanuskript på kritisk vis. Reformasjonen, med krav om «skrifta aleine» og nye omsetjingar til lokale nasjonalspråk, trekte rasjonell vitskap ytterlegare inn. Frå 1800-talet av, i takt med utviklinga av humanistisk vitskap, fekk vi ein straum av historiske Jesus-framstillingar, etter kvart i Noreg òg. No har vi fått endå ein, ifølgje forfattaren, Per Bjarne Ravnå frå Nord Universitet, av di det skal ha vore gjort store framsteg i bruk av «historiefaglege» metodar.
Ravnå er ein mild ateistisk historikar som konkluderer med at ut frå slike metodar var Jesus ein mislykka profet. Korleis kjem Ravnå dit? Først går han gjennom alle kjeldene vi har, og ser på dei som vanlege historiekjelder. Problemet er at vi har ingen andre uavhengige kjelder. Men filologien meiner tekstanalytisk at Markus er først, og at Matheus og Lukas brukar han. I tillegg meiner filologien at alle tre synoptikarane brukar ei tidlegare skriftleg kjelde med Jesus-ord som vert kalla Q. Ho er rekonstruert ut frå evangelia. Særs hypotetisk. Men i denne forskinga er det ein tendens til at slike hypotesar forsterkast av at dei vert brukte, sjølv om dei fører til forskjellige konklusjonar.
På eitt felt er forfattaren på heimebane, nemleg som spesialist på romersk historie. Vi får mykje interessant stoff om korleis romarane herska gjennom lokale klientkongar, og korleis dei normalt reagerte på religiøs uro. At Pontius Pilatus var så nølande framføre Jesus, verkar usannsynlig ut frå at han seinare fekk sparken av keisaren for å ha vore for brutal mot slike. Så dette kan ha vorte lagt til av evangelistane for å mildna tilhøvet til dei romerske herskarane under forfølgingane mot slutten av 100-talet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.