Teater

Meisterleg

Det mest fascinerande stykket Fosse har skrive, er ei historie med stadig nye lag.

Spelet er framifrå og ein fin kollektiv prestasjon, skriv Jan H. Landro.
Publisert

Nobelprisen må ha frigjort Jon Fosse. Med romanen Vaim og scenestykket Skodespelet syner han ei heilt ny side ved forfattarskapen. Humoren har fått breiare plass, alvoret er ikkje like allstadnærverande, men ikkje noko av dette har gått på kostnad av djupna. Især Skodespelet er eit framifrå døme på korleis Fosse handterer dei ulike elementa og på overtydande vis koplar det eksistensielle med det kvardagslege. Det ligg òg nær å spørje om alvorsmannen Fosse kanskje gjer litt narr av seg sjølv her og der.
 

Med si «folkelege utprøving» av forholdet mellom fiksjon og røyndom, og med det som ser ut som ein religiøs dimensjon i botnen, gir framsyninga oss eit talande bilete av kor vanskeleg det kan vere med det vi gjerne kallar røynda. Fire personar – eit yngre par (Gina Bernhoft Gørvell og Mohammed Aden Ali) og eit eldre (Sigrid Kandal Husjord og Jon Bleiklie Devik) – står på ei bryggje og ventar på ein båt dei har kjøpt billettar til. Det er uklart kva tid båten kjem, og kva som er reisemålet. Sidan dette er ei reise dei har sett fram til i fleire år, kanskje heile livet, er målet mest sannsynleg døden.

Så kjem ein teatertrupp på tre personar (Marianne Krogh, Kenneth Homstad, Thea Lambrechts Vaulen) som fortel at folk slepp ikkje om bord før dei har sett ei teaterframsyning med uklart opphav. Det spesielle med stykket, som har tittelen Skodespelet, er at det har sjølve livet som scenografi – eit digert sjakkbrett.
 

Problem oppstår. Truppen manglar ein skodespelar, og for å kunne gjennomføre treng dei ein frivillig. Ingen vil, men først den unge jenta og dinest den eldre kvinna blir tvinga. Dei får ei rolle som krasjar totalt med røyndommen dei kjenner og skjønar, og slik oppstår ein uoverstigeleg konflikt mellom fiksjon og røyndom. Mot slutten blir det også klart at alt personane seier og gjer, og har sagt og gjort, står i manuskriptet til Skodespelet.

Kven er det då som har den overordna regien over liv og død?

Og kjem båten eller ikkje? Berre éin person ser han, men alle stig om bord, og ingen veit kor ferda går.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement