Teater
Meiningsfullt og velspelt
Ballettmelding: Billy Elliot (Lee Hall og Elton John), Den Nationale Scene i samarbeid med Fyllingsdalen Teater, Store Scene
Billy, kjenslevart tolka av Josva Bereket George Kiserud i den framsyninga som Jan H. Landro såg.
Foto: DNS / Fyllingsdalen Teater
Elitekunsten og arbeidarklassen har aldri vore to alen av same stykke. Då er det heller ikkje å vente at ballett skal vere eit alternativ for ein elleve år gammal gut som veks opp i ein liten nordengelsk gruveby under ein gruvestreik på liv og død midt på 1980-talet. Denne historia, som først var spelefilm, tek oss med til ein periode i Margaret Thatchers nådelause regime. Målet hennar var å knuse alt som heitte fagrørsle, og det er bakgrunnen for denne både rørande og dramatiske framsyninga.
Noko som hevar dette scenedramaet, er at gutar på Billys eigen alder har dei leiande guterollene. Seks heilt unge skodespelarar, dei aller fleste med bakgrunn frå det særs veldrivne Fyllingsdalen Teater, alternerer i dei to mest krevjande rollene. Om dei fire andre gjer jobben like overtydande som dei to eg såg, kan ikkje dette bli anna enn ein suksess.
Dansetalent
Billy, fint og kjenslevart tolka av Josva Bereket George Kiserud, er morlaus og innser tidleg korleis det er å vekse opp i eit mannssamfunn som berre kjenner éin røyndom – gruva. Likar du ikkje å bokse, må det vere noko gale med deg. Vil du heller danse ballett, er du sjølvsagt «homo». Slike tendensar må drepast tidleg, og far hans, Kristoffer Sagmo Aalberg, er ikkje ein som nyttar pengar på danseutdanning for sonen. Berre bestemora, Ragnhild Gudbrandsen i ei for henne komisk rolle, skjønar guten.
Problemet, slik faren og storebroren ser det, er at Billy syner uvanleg talent for dansing. Han kan nå langt, men då må han få opplæring og høve til å delta på audition ved sjølvaste National Ballet School. Danselæraren Mrs. Wilkinson (Irene Waage) ser talentet og ivrar for at Billy skal få prøve seg. Det handlar ikkje berre om pengar, men (minst) like mykje om inngrodde fordomar – både i familien og i miljøet. Det som kunne blitt ein litt trist affære, har heldigvis fine innslag av humor som aldri verkar påtekne.
Fart og rørsle
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.