Bok

Med lyst og lykte

April Alexandersdottir skriv vitalt og vitug om å stå utanfor sitt eige sjølvopptatte eg.

Romandebutant April Alexandersdottir har gått på Nansenskolen på Lillehammer og på Skrivekunstakademiet i Bergen.
Publisert Sist oppdatert

April Alexandersdottir debuterer med ein sexy roman. Men det er språket som er mest sexy, og sexen mest prosaisk. Eit eksempel: «Den ubarberte haka til Jonas som gnissa mot fitta, tunga som fomla i foldene som om han hadde mista noe mellom sofaputene.» Haha! Sofaputene!

Mellom begjær og skam

Ruby er 19 år og flyttar saman med Jonas; no begynner vaksenlivet. Det skal bli eit liv med sex og vin og restaurantbesøk i ordna former. Det vil seie: Det er berre ramma som er ordna, i tillegg til fornuftige Jonas – Ruby er i uorden.

Først opplever vi ho kanskje som sjølvsikker, skamlaus og begjærstyrt, på ein god måte, men snart blir det klart at ho har nokre issues. Det finst liksom ingen grenser for alt ho kan seksualisere, og dei personlege, kroppslege og sosiale grensene er vage, for å seie det mildt.

Ho har òg eit umetteleg behov for å vere i sentrum for andre si merksemd, helst fysisk. Ho spør Jonas om han syntest ho var pen første gongen han såg henne, og ho legg opp til eit brennbart spel med Iver på jobben. Kvinner kan ho òg få lyst på, her er inga diskriminering.

Men Ruby kjenner òg på skam. Ho lever i ei slags pornofisert røynd der ho er stolt av å ikkje vere som andre jenter; med henne kan Jonas få gjere kva han vil. Han skal vere takksam for det, meiner ho. Men når han gjer sitt beste for å gi ho orgasme (jamfør det innleiande sitatet), og det ikkje er heilt innertiar og ho feikar orgasmen, skammar ho seg. Dette var jo det mora (!) sa at ho aldri måtte gjere. Då sviktar ein seg sjølv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement