Film
Med kynisme skal vondt fordrivast
Å grava, opplysa og underhalda er noko regissør Alex Gibney verkeleg kan.
Alex Gibney er mannen bak dokumentarfilmen om opioidskandalen.
Kring ein halv million amerikanarar har døydd av overdose frå lovleg utskrivne smertestillande medisinar sidan 2000. Då er det gjerne på tide å gå den mektige legemiddelindustrien etter i saumane – og håpa på at han kanskje for ein gongs skuld vert stilt til ansvar.
Gibney
Den mykje omtala opioidkrisa har lenge vore eit fenomen knytt til USA, men som Dag og Tids Per Anders Todal kunne visa her i avisa for eit par veker sidan, er ikkje Noreg uskuldsreint lenger. Me høyrer berre ikkje så mykje om det.
Tittelen The Crime of the Century er reine ord for pengane, og det er grunn til å høyra når dokumentaristguru Alex Gibney ropar. Tenk Enron: The Smartest Guys in the Room (2005) eller Going Clear: Scientology and the Prison of Belief (2015), for å nemna eit par. Han har ei utruleg evne til å få folk i tale, folk som er djupt og direkte involverte, som har integritet og torer fortelja, kanskje fordi Gibney har så høg stjerne at det er ei tillitserklæring å stilla opp i hans dokumentarar, i begge retningar.
Særleg gjer det inntrykk å møte dei som har vore seljarar av oksykodon, og som vart serverte ei lykkehistorie om dei lindrande evnene, som dei igjen overtydande prakka på farmasøytar, som igjen leverte ut via legar som skreiv ut reseptar. Og i siste ledd stod ungdom med kneplager som plutseleg skulle få same medisin som døyande kreftpasientar.
Innhaldsrikt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.