Bok

Med kniven på strupen

Det gamle USA er borte. Europa og Noreg har kniven på strupen, skriv Iver B. Neumann.

Iver B. Neumann er direktør ved Fridtjof Nansens Institutt. Han har doktorgrad i statsvitskap og sosialantropologi.
Publisert

I nær 80 år har Noreg vore velsigna med ein liberal verdsorden, kjenneteikna av frihandel, demokrati og internasjonale organisasjonar – og amerikansk vern. 

Denne ordenen har vore til stor gagn for Noreg og andre små, opne økonomiar. Det har vore Noregs overordna mål å halde ved like denne verdsordenen – ved å verne om folkeretten, gje bistand til utvikling av velferd og demokrati i andre land og stø opp om det internasjonale organisasjonslivet, særleg Dei sameinte nasjonane (FN). Og ved å halde oss inne med USA.

Då Donald Trump vart vald til amerikansk president, la han seg på ein kurs som går på tvers av Noregs interesser. Han er egoistisk oppteken av kortsiktige nyttekostnader og ikkje av langsiktig politikk. Han ser FN som ein motstandar, og han dreg USA ut av den eine internasjonale organisasjonen etter den andre. 

Trump stør ikkje lenger frihandel og demokrati. Kva skal Noreg gjere? Iver B. Neumann gjev svar som ikkje alltid gjer lesarane rolegare, men dei vert mykje klokare.

Nye allierte i EU

Iver B. Neumann er norsk samfunnsforskar med høg internasjonal anerkjenning. Han har brei erfaring som forskar og formidlar, og var i fleire år professor i internasjonal politikk ved London School of Economics. Han er ein flittig forfattar av både akademisk-teoretiske verk og populærvitskaplege tekstar. Hva skjer med verden? er eit døme på dette siste: ei lettlesen lita bok på 160 små sider, delt inn i eit dusin kapittel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement