Film

Matrix Resirkulert

Kan den nye Matrix-filmen ha same effekt som før når effektane er dei same?

Carrie-Anne Moss og Keanu Reeves spelar hovudrollene som Trinity og Neo.
Carrie-Anne Moss og Keanu Reeves spelar hovudrollene som Trinity og Neo.
Publisert

Var alt ein draum likevel? Thomas/Neo (Reeves) jobbar som spelutviklar når han nok ein gong byrjar få beskjedar han ikkje kan ignorera, endå psykologen hans (Harris) fortel han at alt er fantasi. Men så dukkar Trinity (Moss) opp på ein kafé og Morpheus (Abdul-Mateen) på do.

Transformasjon

Eg hadde ikkje tenkt å sjå The Matrix Resurrections, og eg kjem ikkje til å sjå dei mange oppfølgjarane som no garantert er i emning etter at Neo har stått opp frå dei døde. Det er ganske komisk korleis filmskaparane heilt direkte viser til seg sjølv som underhaldningsfranchise. «Our beloved parent company, Warner Brothers, has decided to make a sequel to the trilogy», seier sjefen direkte til Thomas. Det må vera den mest red pill-aktige augeblinken for min del. Og for dei uinnvigde: Redpilling har vorte eit omgrep som enkelt forklart har med å skjøna korleis verda heng saman, å sjå bak sløret, å gjere.

Den opphavlege The Matrix (1999) har hatt ein effekt på alt frå antifeministiske konspirasjonsteoretikarar til djupt engstelege miljøvernarar, og som hersketeknikk på begge sider. Det må vera særs underleg for ein del fans i fyrstnemnde gruppe at regissør- og filmskaparparet kreditert «The Wachowski brothers» no begge har gjennomgått kjønnskorrigerande operasjonar og i dag er syskena Wachowski.

For dei mange transpersonane som såg filmen og tenkte at dette måtte vera ein transmetafor: Det fekk dei rett i. Men The Matrix-universet er ute av kontroll, både i røynda og på film, og det kjem til å fortsetja å verta fortolka i alle retningar om regissøren aldri så mykje heiter Lana Wachowski, ikkje Larry.

Lite effektivt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement