Musikk
Markant fanfare
Ensemble Les Surprises framfører Eurovisjon-melodien muntert og krigersk.
Ensemble Les Surprises blir dirigert av organisten Louis-Noël Bestion de Camboulas.
Foto: Yann-Gachet
Te Deum laudamus, Gud, deg lovprisar me – slik byrjar den såkalla ambrosianske lovsongen, som skal gå attende til den heilage Ambrosius av Milano på 300-talet. Mange komponistar har tonesett denne hymnen: Händel, Haydn, Bruckner, Verdi, Dvořák, til dømes.
J.S. Bach gjorde også kantate av han, i Luthers tyske omsetjing Herr Gott, dich loben wir. Men den mest kjende tonesetjinga blei laga i 1692 av franskmannen Marc-Antoine Charpentier (kring 1643–1704). Dei fyrste åtte taktane av instrumentalforspelet har nemleg sidan 1954 vore signaturmelodien til Eurovision Song Contest.
Denne markante fanfaren med trompetar og paukar opnar plata til Ensemble Les Surprises, eit fransk kor- og barokkorkester som sidan grunnlegginga i 2021 har kome med heile 13 CD-ar. Albumet inneheld også fyrsteinnspelinga av Te Deum-tonesetjinga til Charpentiers yngre landsmann Henry Desmarest (1667–1741).
Charpentier
Når eg høyrer Ensemble Les Surprises, får eg kjensla av at berre franskmenn kan spela denne musikken på ein så naturleg og lett, men samstundes opphøgd måte. Det har med det franske språket å gjera, for tunge- og tonemålet deira har mangt sams, med korte frasar og mange små, brå betoningar og pausar i fraseflyten. Slik skil det seg frå den italienske musikken, med lange, songlege frasar og jamt flytande rytmikk, jamfør det karakteristiske ved språket deira.
Som heilskap er denne tolkinga av Charpentiers Te Deum i D-dur den mest stilreine eg har høyrt. Både kor og solistar held høgt nivå, til dømes bassen Jean-Christophe Lanièce, som syng dei to fyrste verselinene solo (spor 2). Suveren er også sopranen Jehanne Amzal, som framfører satsen «Te ergo quaesumus» (Deg ber me difor, spor 6) med skimrande røyst, i elegant samsong med to blokkfløyter. Dei massive tutti-satsane (med heile ensemblet) oppnår den stemninga Charpentier sjølv karakteriserte tonearten D-Dur med: joyeux & très guerrier, «muntert og særs krigersk».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.