Bok
Lyriske sprang
Omriss av åpne hender byr på mangfald og rikdom i kryssingspunkt mellom lyrikk og prosa.
Fredrik Hagen har skrive fleire diktsamlingar og leiar Lyrikksalong på Litteraturhuset i Bergen.
Foto: Linn Heidi Stokkedal
Boka til Fredrik Hagen seier noko om kor grunnleggjande fellesskapet og omverda er for livet til den enkelte. Fleire av avdelingane i boka ber det klassiske kjennemerket på ein kunnskapstekst, til dømes heiter dei «Om øynene», «Om nettene» og «Om sorg». Dei prosalyriske tekstane til Fredrik Hagen er bygde over ein fascinerande og litterær fruktbar dialektikk.
I forsøket på å halde fast og fiksere noko som noko, oppdagar ein tvert om at avgrensing er vanskeleg. Tinga, orda og livet strekkjer seg ubønhøyrleg utover seg sjølv, flettar og vevar seg i andre ting, ord og liv. Eksistens inneber å tre ut eller stå ut, og det er nett det som verkar å vere på gang i Omriss av åpne hender, ja, alle område og forhold peikar vekk frå seg sjølv. Tanken på at det individuelle livet, idet ein ønskjer å gripe det som enkeltståande og unikt, forvandlar seg til noko anna, kan nok verke forstemmande for den som trur på individets suverene autonomi.
Ope og opnande
Det «åpne» er ikkje berre eitt ord i boktittelen. Det opne og opnande vert til eit prinsipp og motiv i desse tekstane. Den fyrste tekstavdelinga som heiter «Om øyet», kan sjåast på som ein tekst som konkret ønskjer å opne auga for eit granskande blikk:
«Øynene utviklet seg før hjernen, og har trolig forårsaket den. Det er altså her vi kommer fra; vi er et forsøk på å forstå hva øynene ser.»
Nett ved å zoome inn på distinksjonar og grenser, anten dei gjeld for ulike kroppsorgan eller handlar om historiske eller sosiale skott, forvandlar dei seg i Fredrik Hagens tekstar til passasjer, tersklar og opningar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.