Bok

Lyrikk som kombinerer kropp og kunnskap

Nils Chr. Moe-Repstad er ei særprega skriftrøyst i norsk samtidspoesi. Dikta etablerer sjokkarta samband gjennom veldige rom- og tidsspenn.

Nils Chr. Moe-Repstad debuterte i 1996 og har gjeve ut elleve diktsamlingar.
Nils Chr. Moe-Repstad debuterte i 1996 og har gjeve ut elleve diktsamlingar.
Publisert

Tittelen på Nils Chr. Moe-Repstads siste diktbok, Devon, syner til nemninga på den geologiske perioden på jorda då enkelte dyr utvikla lunger, og til den geografiske staden Devonshire i England.

I forhold til den nesten monstrøse diktboka Wunderkammer (2016) som var på over 800 sider, var De vakre, hvite draperiene frå 2018, med barokkens overflod som omdreiingspunkt, tydeleg mindre omfangsrik. Årets bok er endå spinklare. Men enkeltdikta i alle desse samlingane liknar i forma.

Stram, open struktur

Dei er prega av ein stram, men open struktur, særeigen rytme og uortodoks teiknsetjing – og ei evne til å etablere sjokkarta samband gjennom veldige rom- og tidsspenn. Dikta famnar eit stort og omfattande kunnskapsstoff, frå fysikk til mytestoff – og ikkje minst ei skjult glede over kunnskapane. I Devon vil ein sjå at dei ni mellomtitlane ofte har essayets karakteristiske «Om» i tittelen: «Om biografi». Ja, det vil vere vanskeleg å lese desse dikta om ein ikkje freistar falde ut litt av kunnskapane dikta rugar på.

Mange sjikt

Det finst mange sjikt og moglege motiviske samanhengar i Devon-dikta. Banar, syklusar, planetsystemet og årstider er nokre av dei, og ofte skjer det eit brot eller ei forstyrring: «Først flyttet vi oss etter årstidene og himmelretningene, men jeg er et barn/ av den neolittiske perioden, da vi kultiverte vekstene».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement