Film
Livet og levemannen
Det hadde ikkje skadd om Marianne & Leonard: Words of Love kunne handla endå meir om Marianne.
Marianne Ihlen og Leonard Cohen møttest på den greske øya Hydra.
Foto: Babis More
I 1960 reiste Marianne Ihlen og ektemannen Axel Jensen til øya Hydra utanfor Hellas saman med den vesle sonen sin. Her var også Leonard Cohen, på denne tida ei strevande forfattarspire utan musikarplanar. Fri kjærleik førte til frie forhold, men også slike forhold kan vara livet ut.
Nick Herzog
Nordmenn elskar melankolsk deppemusikk, og ypparstepresten her er Leonard Cohen. At han hadde ein norsk kjærast, er kjent for mange, då historia alt er nydeleg presentert i NRK-radiodokumentaren So long, Marianne og boka med same namn, begge av Kari Hesthamar. Marianne Ihlen var visstnok ikkje særs hypp på å snakka om den eksotiske fortida si, men så er regissør Nick Broomfield ein gamal elskar og ven frå tida hennar på Hydra. Han fyren har vore ute nokre sommardagar før! Måten han formidlar stoffet på i dokumentarane sine, og dei er det vorte ein del av, minner litt om Werner Herzog – han insisterer sjølv på å vera del av historia, utan at det verkar særskilt engasjert eller av stor relevans, utanom at han var der, han òg. Om ikkje anna enn gjennom den slepande forteljarstemma, også den underleg lik Herzogs (og dermed i mi bok: irriterande). Verre er det at det verkar som han har jobba noko lettvint med materialet sitt. Det same gjaldt førre filmen, Whitney: Can I Be Me, der han har eit oppkome av arkivstoff frå livet til Whitney Houston og likevel klarar å laga ein ganske så midt på treet og til tider uinspirert film om eit spektakulært liv. Diverre gjentek han til tider denne formelen i den siste filmen sin.
Fotoalbumet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.