Bok

Livet i skumringstida

Birger Emanuelsen skriv med kjærleik om ein kvervande far.

Birger Emanuelsen har skrive både essay, sakprosa og romanar etter debuten i 2012.
Publisert

Ein gong på 1960-talet fekk farfar til eg-personen i den nye romanen til Birger Emanuelsen kjøpt ei 14 mål stor tomt ved Kvåsefjorden på Sørlandet. Der bygde han ei hytte, og far til forteljaren gjorde mykje arbeid vidare på tomta og hytta. Farfaren døydde for lenge sidan, faren er no råka av ein demenssjukdom, og sonen, ein forfattar som ser ut til å ha mykje sams med Emanuelsen, dreg med faren ut til hytta tidleg på hausten, for at dei to kan vera i lag på ubestemt tid der ute.

Sonen veit nok at dette vert den siste turen dei har i lag på hytta, men livssituasjonen hans er slik at han kan få til dette. Ein får også ei kjensle av at han er ein noko sta og einvis person, at han gjerne vil gjennomføra slikt han har fått ein idé om. Men han er budd på at prosjektet vert vanskeleg, og at han i aukande grad lyt verta far til faren.

Dessutan er det ikkje alle av dei som kan ha noko med saka å gjera, som er like entusiastiske til prosjektet. Den eldre systera til hovudpersonen er oppnemnd som verje for far deira, men ho har ikkje sett foten ned. Likevel forstår ein at ho er noko skeptisk. Det syner seg at ho har engasjert ei sjukesyster som skal sjå til dei to der ute i havgapet no og då.

Ved møtet med sjukesystera, og med andre ubedde gjestar, kjem det fram eitkvart lite imøtekommande hjå sonen. Han har piggane litt ute. Alle som kjem utanfrå, er på eit vis eit trugsmål, sjølv om han ikkje formulerer det eintydig. Han har kongedømmet sitt på denne tomta, og ein framand er ein uven han ikkje kjenner.

Nærgåande detaljar

No og då les han for faren, og lesestoffet er sjølvaste Odysseen av Homer. Noko tydeleg poeng er ikkje å sjå i dette, anna enn den reisa faren no er på, og som sonen vil vera med på, så langt han kan. Det vert ei svært fin og kjærleg og ikkje minst ærleg skildring, med rapportar frå det daglege med ein gamal mann som taper seg sjølv litt etter litt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement