Film

Livet i glasburet

Alt Whitney Houston ville, var å dansa med nokon.

Whitney Houston var ein formidabel artist med ei tragisk historie.
Whitney Houston var ein formidabel artist med ei tragisk historie.
Publisert

Ikkje eingong The Beatles hadde så mange slagerar på rad som Whitney Houston (1963–2012) når det kjem til den vidgjetne Billboard-lista. Då ho entra TV-skjermane live med «The greatest gift of all» i 1985, med plateselskapet Arista trygt i ryggen, var ei stjerne fødd. Befruktinga var kanskje kunstig, men genmaterialet var av purt gull.

TV-kino

Eg har nemnt det før, men gjer det igjen: Eg diggar at sjølv om det ofte held å sjå dokumentarar på dataen, er det alltid best med film på kino. Og Whitney Houston gjer seg godt i stort format. Ho er trass alt ein formidabel artist – med ei formidabel tragisk historie. Og dette er spesialfeltet til dokumentarist Nick Broomfield som har filmar som Kurt & Courtney (1998) og Biggi and Tupac (2002) bak seg. Kjeldene hans er gode, og gjer at ein viss balanse vert halden. Whitney sjølv vil aldri kunna fortelja kva som eigentleg tok livet av henne til slutt, men som det vert sagt i starten: Ho døydde ikkje av overdose, ho døydde av kjærleikssorg. Det verkar ikkje usannsynleg.

Ikkje så lett

Vil rikdom eller ry nokosinne gjera ein lukkeleg? Houston avviser iallfall dette i fleire intervju. Oppvaksen i New Jersey med mora Cissy, sjølv ein prominent songar og dirigent i baptistkyrkja deira, og med eit nært forhold til både faren og brørne, var identiteten hennar trygt forankra i det svarte USA. At Arista valde å selja henne så kvit som råd var, gjorde kanskje uoppretteleg skade tidleg i karrieren. Då publikummet bua under ei prisutdeling i 1989, fekk ho for alvor høyra at ho hadde selt soulsjela si, ein merkelapp ho sleit med å kvitta seg med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement