Bok

Livet i eit nytt skjær

Snu deg er ein skakande elegi om tapet av eit barn, men samstundes ber boka i seg håp om ei lysare framtid.

Therese Tungen er forfattar og forlagsredaktør i Samlaget.
Therese Tungen er forfattar og forlagsredaktør i Samlaget.
Publisert

Ein kan tru at om ein opplever å miste eit barn, har ein nok med å gjennomleve det éin gong, om ein ikkje skal skrive seg gjennom det på ny. Men som Therese Tungen skriv i Snu deg. Edvins bok: «Da sonen min døydde, seks år og ti månader gammal, visste eg at eg måtte skrive om kva som hende med oss. Og kva som hadde hendt med han. Eg måtte skrive for å dokumentere og for betre å forstå.»

Pusle livet saman

Edvin blei nesten sju år. Han døydde brått og uventa av hjernebløding seinsommaren 2020. Og gjennom Tungens utforsking av kva som skjedde, på eit ytre hendingsplan og eit indre tankeplan, forstår også lesaren betre. Sorga kan kallast ein prosess mellom fornekting og forsoning, og Tungen tar tak i dei mange rasjonelle, irrasjonelle, opprivande og styrkande stadia på denne vegen.

Dette gjer ho ved både å halde på ein overordna kronologi som gjer at lesaren kjenner på kroppen kor langt eit år er, og ved å hoppe fram og tilbake i tid innanfor denne ramma, slik ein jo må tenke seg at ein gjer i ein sjokkarta situasjon. Leik på graset i den eine augeblinken, helikopter i den andre, sjukehusseng, gravferd, tilbakeblikk til ferieturar, og kunne vi sett teikn på sjukdom tidlegare? Livet blir aldri meir det same, ein må pusle det saman på nytt, med både fortida og framtida i eit nytt skjær.

Merkte av tapet

«Eg skriv om det som hende, frå presens til preteritum, og føler at eg skriv han død», står det ein plass. Denne sterke utsegna seier noko om kva for realitetar det kjennest nærmast umogleg for oss å gripe. Men etter kvart som forfattaren arbeider med stoffet i skrift, lar meir og meir seg gripe.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement