JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

Historia om eit fotografi

Den 13. oktober 1941 vart ei jødisk mor med to born drepne i Miropol. Wendy Lower har skrive bok om det.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Historikaren Wendy Lower har freista å identifisere den jødiske mora og dei to  borna på dette fotografiet.

6866
20240322
6866
20240322

Bokessay

Bjarte Bruland

I februar 2022 starta Russlands fullskalainvasjon av Ukraina. For ein historikar som har arbeidd med holocaust, gav dei mange stadnamna som vart skrivne om i meldingane frå landet, langt fleire konnotasjonar enn for mange andre. Lviv (ein gong Lwów eller Lemberg), Ternopil (ein gong Tarnopol) eller Vinnytsia (ein gong Vinnitsa) eller Bila Tserkva; alle desse namna minte meg om fortida på ubehageleg vis.

Sommaren 2022, i skuggen av krigen i Ukraina, las eg ei bok av historikaren Wendy Lower, The Ravine: A Family, a Photograph, a Holocaust Massacre Revealed. Boka handlar om ein massakre på jødar i den vesle byen Miropol, knapt 20 mil frå Kyiv i vestleg retning i Ukraina 13. oktober 1941.

Boka til Lower har som utgangspunkt eit fotografi som ein slovakisk soldat tok av massakren den dagen. Biletet er sjokkerande brutalt: I røyken frå geværmunningane veltar ei skoten kvinne og ein gut over kanten av noko som ser ut som ei ravine. På bakken ved sida av står eit par støvlar frå eit tidlegare offer. Patronhylser og klede ligg slengde på bakken.

«Den mest smertefulle delen av boka til Lower er freistnaden på å identifisere kvinna og dei to borna.»

Ei kvinne og to born

Tilsynelatande blir to menneske myrda: ei kvinne og ein liten gut. Medan kvinna vert skoten, veltar guten over kanten og ned i ravinen. Mordarane ofra sjeldan kuler på born. Men i skuggen av krutrøyken kan vi sjå konturane av eit anna barn, som kvinna held i den andre handa.

Boka til Lower søkjer svar på sentrale spørsmål: Kven var kvinna og dei to borna? Kven var dei som skaut? Kven tok biletet – og kvifor? Kva hende eigentleg i den vesle byen Miropol 13. oktober 1941? Ho seier det slik:

Denne boka handlar om kva vi kan finne om vi tør sjå nærare. Ho handlar også om tomromma som eit folkemord etterlèt seg. Overgriparane ville ikkje berre drepe, men utslette offera frå skriftlege kjelder, frå sjølve minnet. Når vi finn eit spor, må vi gå det etter i saumane for å hindre at overgriparane fekk rett. Gjennom forsking, utdanning og minnekultur må vi fylle tomrommet.

For Lower er ikkje dette berre prat. Boka handlar verkeleg om å fylle ut biletet av kva som hende i Miropol i alle moglege kjelder, både munnlege og skriftlege, ja, til og med gjennom arkeologi. Lower reiser sjølv til Miropol sommaren 2014 for å leite etter staden der kvinna og dei to borna vart drepne. En passant fortel ho at sjåføren ho hyrar, nettopp har flykta frå Luhansk i Donbas. Slik blir fortida knytt til notida.

Lower rullar opp historia så langt det går. Fyrst går ho laus på mordarane. Lenge var den «offisielle historia» om skytingane i aust prega av at dette berre vart utført av profesjonelle SS-mordarar, dei såkalla SS-Einsatzkommandoane. Slik var det ikkje: Dei mange tusen massakrane i Ukraina vart ofte utførte av folk som var på den lokale staden – tyske representantar for okkupasjonsmakta eller mange tusen ukrainske hjelpepolitifolk som vart rekrutterte av tyskarane. I Miropol var det ei lita avdeling av det tyske tollvesenet (ja, du las rett) som stod for utslettinga, saman med ukrainsk hjelpepoliti med armband og gamle sovjetuniformer.

Dette er eit av dei mest kjende «trofé­bileta» frå holocaust. Det har som regel blitt omtala som «den siste jøden i Vinnitsa». Nyare forsking viser at biletet truleg er teke ein annan stad i Ukraina, i byen Berditsjev 28. juli 1941.

Amatørfotograf

Her sprengjer Lower ein myte som mange enno trur på. For i debattar her heime om dei norske frontkjemparane, blir det gong på gong hevda at dei «berre» var soldatar, og at det var eigne avdelingar som utførte slike drap. Slik var det ikkje.

Som Lower seier det: «Å undersøkje eit stort og breitt kjeldemateriale er naudsynt for å gjenskape historia, både etisk og nøyaktig.» Og nøyaktig er nettopp stikkordet for boka til Lower. Namna til dei tyske tolltenestemennene kjem fram i tyske kjelder: ein av dei, som lenge har hatt mareritt om saka, melder dei andre til politiet i ein liten stad i Tyskland på 1960-talet. Men saka vert lagd bort. Dei ukrainske hjelparane finn ho òg namnet på. Lower finn ut at fleire av dei vart dømde og avretta av sovjetiske styresmakter, dei siste så seint som i 1986 og 1987.

Men fotografen, då? Den slovakiske soldaten som tok biletet, kva med han? Han heiter Lubomir Škrovina og var i Miropol saman med ei slovakisk militær sikringsavdeling. Den slovakiske staten, som i praksis var eit tysk lydrike, var med under invasjonen av Sovjetunionen. Kvifor tok han biletet? Det viser seg at historia om Škrovina i seg sjølv er interessant nok. Han tok ikkje bileta frå Miropol berre som «trofé»: Slike er det mange av. Det mest kjende er «den siste jøden i Vinnitsa», eit bilete av ein mann på kanten av ei massegrav. Ein tysk soldat held ein pistol mot tinningen hans. I bakgrunnen kan ein sjå tilskodarar frå ulike tyske militærgreiner.

Škrovina var ein ivrig amatørfotograf lenge før krigen og ikkje ein ideologisk krigar. Han var med på felttoget i aust som del av ei slovakisk sikringsavdeling. I desember 1941 reiste han heim til Slovakia på perm. Han vende aldri tilbake til austfronten (han klarte å bli dimittert av medisinske grunnar). Seinare i krigen heldt han ein jødisk familie skjult i heimen sin, og han deltok sidan i det slovakiske opprøret mot Nazi-Tyskland i 1944.

Ein myte

Men fortida innhenta også han. På 1960-talet gjorde det tsjekkoslovakiske hemmelege politiet razzia i heimen hans og fann negativar, blant anna fotografi frå Miropol. Han vart arrestert og avhøyrd. Han forklara seg om massakren, og dette nyttar Lower til å avsløre ein annan myte: at jødane gjekk som sauer til slaktinga. Det var ikkje slik. Škrovina forklarte for det tsjekkiske politiet at mange jødar vart drepne på veg til ravinen fordi dei gjorde motstand mot tyskarane og ukrainsk hjelpepoliti.

Den mest smertefulle delen av boka til Lower er freistnaden på å identifisere kvinna og dei to borna. På biletet ser ein dei frå sida. Andleta er ikkje tydelege; det er berre bakhovudet til guten som er synleg. Den vesle jenta kvinna held i den andre handa, er det ikkje mogleg å identifisere. Men ei kvinne og to born burde vel vere mogleg å identifisere frå andre kjelder? Slik var det ikkje. Det finst ikkje noko register over dei som vart myrda 13. oktober 1941 i Miropol. Etter krigen søkte ein sovjetisk undersøkingskommisjon å utarbeide oversikter, men det vart berre kursorisk. Lower meiner ho likevel har funne ei kvinne og to born som kan vere kvinna og borna i biletet til Škrovina, men ho kan ikkje vere sikker.

Boka er så mykje meir enn historia om det rå biletet frå Miropol. Lower vev inn viktige perspektiv om korleis folkemordet vart gjennomført i forteljinga, ikkje minst korleis massedrapet akselererte i samband med okkupasjonen av store landområde i Ukraina. Ein million jødar vart drepne i Ukraina i små og store aksjonar. Halvparten av dei er aldri blitt identifiserte.

Bjarte Bruland er historikar og statsstipendiat.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis