JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturMeldingar

Forlagshus langs fjordane

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Oddleiv Apneseth fotograferte alle som budde i Jølster, og plasserte dei i særmerkte og historiske situasjonar, som her ved Kjøsnesfjorden. Nokre få stakk seg vekk og er ikkje med i boka som Skald gav ut i 2010.

Foto: Oddleiv Apneseth

2618
20230331
2618
20230331

Kven må til for å etablere solide forlag vest i fjordane? Ein rektor, ein kultursjef og ein journalist. Og alle dei andre.

Det første forlaget i det som lenge var Sogn og Fjordane, stod Mons Litleré for i 1886. Alt året etter hadde han flytta drifta til Bergen. Åsmund Berthelsen og Magni Øvrebotten gjorde det dei kunne for at Sogn og Fjordane forlag skulle lykkast frå 1982, men etter 28 bøker og 10 årgangar av Sogn og Fjordane Magasin var det kroken på døra.

Musikkskulerektor Lars Nes (38) frå Luster og kultursjef Jon Skjerdal (31) frå Aurland skipa forlaget Skald på Leikanger i Sogn og gav ut dei første bøkene i 1993. Tre år seinare lanserte journalist Tor-kjell Djupedal (38) den første boka frå det nye forlaget sitt i Førde i Sunnfjord. Selja – kulturhistorisk handbok hadde han skrive sjølv, og forlaget blei oppkalla etter boka.

Med namnet frå eit gamalt kultursentrum ville Selja vere forlag for heile Vestlandet. Føremålet var i utgangspunktet så vagt som «å planleggja og gjennomføra prosjekt innan kulturområdet». Dette inklu-derte leiing av Nattjazz i Bergen i ei årrekkje.

Dei to forlaga har utvikla seg parallelt og ulikt. Til og med 2021 hadde Skald gitt ut 352 bøker; av dei var 60 på bokmål og 15 på engelsk. Selja hadde då gitt ut 276 bøker – 256 på nynorsk, 14 på bokmål og 6 på engelsk.

Begge forlaga har skapt scener for mange forfattarar. Rune Tim-berlid blei eit Selja-namn i sak og skjønn, slik Eva Røyrane og Johs. B. Thue blei skaldar i sakprosa. Skjønnlitterære debutantar har det derimot vore få av.

«Vi er opptekne av å fortelje gode og viktige historier, særleg frå det verkelege liv», seier Torkjell Djupedal. Det er blitt mange biografi-ar, og bil og båt dannar ei grunnlinje hos forlaget. Det kom kulturhistorisk vegvisarar og bøker om vegar, tunellar, veghistorier, Fylkesbaatane, skipsforlis i fleire band og båtar med sjel og skipsforlis.

Sakprosaen har også dominert hos Skald, som etter kvart såg jamt meir mot den nasjonale marknaden. Ei av dei største satsingane sine lanserte Skald med ein serie omsetjingar av verdsklassikarar haus-ten 2016. Året etter kom bokklubben Nynorske klassikarar i gang. Gra-fisk raffinerte og gode bøker med kulturhistorie om våningshus, låvar, steinbygningar og vestlandshus gjer seg i møblerte heimar.

Selja har vore særleg god på bruksprosa, Skald best på bokkunst. Begge utvikla systematisk format, titlar og seriar som har tent til å definere rammene for svært mange utgivingar. Difor har såpass små forlag kunna utrette så mykje og klare det sjølve.

Ottar Grepstad

Neste gong: Draumen om vellykka bokseriar

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis