Forlaget for heile landet
Ottar Grepstad om forleggjarar som endra Noreg.
I MIDTEN. Kulturminister Trine Skei Grande og forlagsdirektør Edmund Austigard på møte om ny kulturmelding i 2019. Som venta var Audun Heskestad der også.
Foto: Rolf Øhman, Aftenposten / NTB
Økonomisjef Audun Heskestad blei forlagssjef som andreval, sette lesarane i høgsetet og gjorde Samlaget til forlaget for heile landet.
Klokleg takka Berge Furre nei til å bli forlagssjef i Samlaget i 1980. Saman med skuleboksjef Mads Liland tok juristen Audun Heskestad (1942–) frå Dalane oppdraget. Liland gjekk vidare i 1985, og Heskestad hadde eineansvaret til 2005. Han snakka seg gjennom gangane, var vaktmeister i særklasse og drog frå og til jobb med bereposar fulle av dokument.
Audun Heskestad har vore ein sjølvtenkjar med stor evne til å fange opp kva andre meiner. Ustrukturert i form systematiserte han erfaringar og data, gjorde resultatvurdering sjølvsagt og hevda at han helst tilsette medarbeidarar som kunne meir enn han sjølv.
1900-talet igjennom nynna nynorskforleggjarar på klagesongen om at målfolk kjøper for lite nynorskbøker. Med Heskestad på plass la Samlaget om strategien: «Vi lagar ikkje bøker for nynorskfolk, men bøker på nynorsk for det norske folk.»
Der andre snakka, rekna Heskestad. Kostnadsstyringa var absolutt då omsetninga auka frå 63 millionar i 1980 til 111 millionar i 2004, rekna i 2022-kroner. Samlaget gjekk for å vere ein gjerrig stad utan fri bar, men etter alle oppkjøp og fusjonar i bransjen var forlaget framleis sjølvstendig og uavhengig.
Ut i 1980-åra ville William Nygaard i Aschehoug gjerne ta opp konkurransen med Samlaget om å bli det største nynorskforlaget. Han sa det til Gula Tidend og fekk svar frå sjefsekretær Olav Hr. Rue: «Dess meir vi veks, William, dess meir ønskjer vi at du skal vinne tevlinga!»
Samlaget har vore éin av fleire nødvendige føresetnader for nynorsk skriftkultur. I åra 1868–2021 gav forlaget ut 8263 bøker og 341 årgangar av tidsskrift og årbøker. 457 titlar var på bokmål og med få unntak skule- og lettlesbøker i parallellutgåver.
Like frå 1881 kom ymse slags statstilskot. For å løyse oppgåver som var viktige for dei folkevalde, sa Heskestad. Liberalistane i bransjen hadde så lite til overs for dette at Samlaget først slapp inn i Den norske Forleggerforening i 1961. Difor var det meir enn ein personleg triumf då Heskestad var styreleiar i foreininga i 1990–93. Han forstod meir av politiske prosessar og institusjonar enn resten av bransjen til saman. Det tente fleire enn Samlaget på.
«Samlaget var alltid rikare på planar enn på pengar», skreiv Olav Hr. Rue i hundreårsboka om forlaget. For forlagssjefen inn i det 21. hundreåret var det likevel ei tid der det meste var mogleg. Audun Heskestad er historia om at ein forleggjar kan endre meir enn eit forlag.
Ottar Grepstad
Forfattaren var tilsett i Samlaget i 1980–94.
Dag og Tid publiserte serien «Forlagshistorier» i 14 delar frå 20. januar til 30. juni 2023.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.