Bokhandlaren i Fosna
Marie Normans Boghandel i Kristiansund opna i Tollbodgaten og låg seinare her i Torvgaten. Portrett av Maren Marie Musæus Norman, gift Barman.
Foto: Nordmørsmusea og faksimile frå Sverdrups bokhandel a/s (1974)
Ei 32 år gamal kvinne frå Tromsø etablerte eigen bokhandel i Kristiansund i 1874. Seinare gav denne bokhandelen ut 15 bøker. Bokmålsbøkene kom ut i Kristiansund N, nynorskbøkene i Fosna.
Fosna brukt om den staden som offisielt heitte Kristiansund frå 1742, er dokumentert frå 1520. Namnet var vanleg i nordmørsbygdene langt ut på 1900-talet, dels brukt om byen, dels om området. Ola Stemshaug har vist at særleg frå 1890-åra tok både målfolk og andre til orde for bynamnet Fosna.
Prestedottera Maren Marie Musæus Norman (1841–1916) frå Tromsø var den andre kvinna i Noreg som skipa bokhandel. Berre sorenskrivarenkja Fredrikke Svendsen i Volda hadde gjort det før, i 1872.
Etter år i Mallingske Boghandel i Kristiania busette Norman seg i Kristiansund saman med mora, enkje med slekt i byen. Dette var gode tider for klippfiskbyen, og dermed eit gunstig tidspunkt å opne bokhandel på. Her gifta ho seg med hallingen Helge Barman, og ekteparet dreiv bokhandelen til ein heimvend amerikafarar tok over sommaren 1891.
Handelsmannssonen Georg Sverdrup (1866–1953) frå Bindalen var utdanna styrmann og hadde vore konduktør i San Francisco før han gifta seg ned stedottera til Maren Marie Barman i Kristiansund. Frå 1892 heitte verksemda Marie Normans Efg.s Boghandel. Sverdrup kjøpte firmaet i 1896, men gjorde først i 1926 dette til Sverdrups Bokhandel.
Sverdrup investerte i trykkjeriutstyr, og frå 1896 var Marie Normans Efg.s Trykkeri i gang med ein portefølje som voks raskt. Forleggjar blei han også. 15 bøker og 3 årgangar av tidsskriftet Nordmøringen gav han ut i åra 1901–24. Dei fleste bøkene var på nynorsk, utgivarstaden var Fosna, og bøkene var gjerne trykte i «Marie Normans Efg.s Bokhandels prenteverk».
Dette var alt anna enn sjølvsagt i den riksmålsdominerte kystbyen Kristiansund. Alle nynorskbøkene var skrivne av læraren Edvard Langset frå Straumsnes på Nordmøre. Han var formann i Nordmøre ungdomslag, skipa bygdemuseum i heimbygda og fekk i gang Nordmøre folkehøgskule i Surnadal. Dette var ein som likte å samle stoff og snakke med folk. Nedteikningane gjorde han på nordmørsdialekt, og frå 1910 gav han ut fleire slike samlingar. Langset lét etter seg 3500 sider innsamla materiale då han døydde i 1924. Då var det også slutt på nynorskbøker frå Fosna.
Fornorsking av bynamn utløyste fleire skarpe språkkonfliktar i 1920-åra. I ei privat folkerøysting i 1929 røysta 41 for Fosna og 4698 for Kristiansund. Fosna-tilhengjarane heldt seg heime, men saka var tapt på førehand. Det hjelpte lite at fremste bokhandelen i byen hadde gjort Fosna til eit vanleg namn.
Ottar Grepstad
Neste gong: Bladmann med blikk for bøker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE
Sjakken lever vidare som eit kuriosum og freak-show, noko som passar meg ganske bra i denne spalta, skriv Atle Grønn.
Når den ambisiøse kokken Almut (Florence Pugh) møter nyskilde Tobias (Andrew Garfield), endrar livet seg for alltid.
Foto: Ymer Media
At eg tek til tårene, betyr ikkje at eg elskar We Live in Time.
Gjennom foto og tekst dokumenterte Maria Gros Vatne eit annleis liv på bloggen Wildandfree.no. Ho og mannen Nik Payne forlét bylivet og trygge jobbar til fordel for økologisk gardsbruk og heimeskule. Her ser me sonen Falk.
Foto: Maria Gros Vatne
Frå draum til sorg
Ukjent landskap vinn den eine prisen etter den andre. No er den å finne på lista over filmar som er kvalifiserte til vurdering av Oscar-akademiet i kategorien «Beste dokumentarfilm».
Peter Flamm (1891–1963) var ein tysk lege med jødisk familiebakgrunn som i 1926 gjorde furore med debutromanen.
Foto: Otto Kurt Vogelsang / Ullstein bild
«Jeg? er ein djupt fascinerande og høgst moderne tekst om sinnsforvirring og dobbeltgjengeri»
Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.
Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret
Kven har makt over kven?
Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.