Film
Litt tøys, masse chanteuse
Som underhaldningsfilm fungerer Aline heilt ok. Eg er meir usikker på kva fanklubben vil seia.
Regissøren Valérie Lemercier spelar òg hovudrolla som den store songstjerna.
Foto: Jean Marie Leory / SF Studios
Det er kan henda ikkje så tillitvekkande at medmanusforfattar, regissør og hovudrolleinnehavar Valérie Lemercier har gått for den lettvinte løysinga å endra namnet Celine Dion til Aline Dieu, men det er kanskje vel så ærleg som å klaska på den velkjente basert på-merkelappen.
Froskemanager
Du kan lika Celine Dion eller ikkje, men historia hennar er som skapt for film – yngst av fjorten barn i ein katolsk arbeidarklasseheim som med hjelp av ein ambisiøs familie og med eit unikt songtalent vert ein av verdas største kjendisar.
Ho vinn minst halve kongeriket med dei patosfylte balladane sine, men prinsen er det verre med: Alt som 12-åring forelskar ho seg i manageren Guy-Claude (eller Rene Angelil, som han heiter i røynda), men det er uhøyrt, sjølv når ho har fylt tjue år, at ho får bli i lag med den korpulente eldre mannen som tilfeldigvis er draumemannen hennar.
Særleg måten dette forholdet er framstilt på i filmen, er til hennar udelte fordel. Elles er det mykje som går i hennar favør generelt, sjølv om det grelle, overdådige huset ho skaffar seg, og den generelt spjåkete stilen ho køyrer, berre kan sementera inntrykket eg har av henne som røyndomsfjern og nyrikharry.
’Allo ’allo
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.