Bok

Lengt i lenker

Butikksongar set det kvardagslege i kontakt med større system.

Helene Hovden Hareide er poet.
Helene Hovden Hareide er poet.
Publisert

Helene Hovden Hareide har tidlegare gjendikta det store, veksande poetiske langdiktet Migrasjonar av den meksikanske poeten Gloria Gervitz.

Potensielt veksande og flytande er også Hareides diktdebut, Butikksongar. Det er ein fiffig og produktiv overbygning i denne debutdiktboka, nemleg daglegvarebutikken. I butikken hender noko, ein utvekslar varer og pengar, folk kjem og går, og kanskje møter dei kvarandre. I tillegg kjem varene frå ei mengd stader, slik finst det usynlege trådar som spring frå butikken og ut i verda: «når melonfrø knasar/ klementinfrø knusar/ mellom mjølketenner/ veit eg ikkje kva som veks/ i borna// ein ny mangfaldig flora».

Eit usynleg kart

Ser ein større på det, vert butikken til eit usynleg kart over den lokale og globale økonomien, der både utbyting, profitt, produksjonslekkar og varebyte finn stad. Slik er dette ei diktbok som rommar ulike system, frå det mindre slektssystemet til økonomien. Grip ein fatt i ein del og tek til å nøste i henne, ser ein kor tett alt er bunde saman. Dikta startar med dei endane konsumenten kjem i kontakt med, og viser kor fast mennesket er fanga i nettet. Eit system knyter noko konkret og nært med det fjerne, slik som vatnet som vert ført fram frå naturen gjennom sinnrike røyrsystem til springen: «så er Korevatnet der/ på leppene hennar/ og på fjellet på same tid».

Tre bygdeblikk

Butikksongar gestaltar tre røyster, eller tre blikk frå personar frå same bygd: butikkmannen Håvard, ei småbarnsmor som har studert økonomane Adam Smith og David Ricardo, og ei eldre kvinne som har venta på slaktebilen. Slik vert butikksongane til eit kollektivdikt, der driven mot det nye, lengten ut av bygda, bort frå alle blikka, til utanverda, og kjærleiken vert kopla med dei kreftene og banda som held ein fast, butikken, bygda, slekta. Mentalitetane bryt mot kvarandre i ein kvervel der dei sentripetale og sentrifugale kreftene tilsynelatande held kvarandre i sjakk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement