Teater
Leikent frå kvinneuniverset
God tekst og fint samspel viser kva det vil seie å vere kvinne i verda.
Dei fire skodespelarane fyller 16 roller med fin timing, skriv Jan H. Landro.
Foto: Espen Nyttingnes
I ein alvorsmunter leik gir dette nyskrivne stykket både god underhaldning og mat for tanken. På knappe to timar tek Mødrevariasjonar, som på turné i Vestland til og med 18. mars, oss gjennom svangerskap, fødsel, barsel, amming, moderskap og eit tidsspenn på ti år. Også abort og skilsmisse. Her er mangt sjølv ein mann kan kjenne att, og her er hevdvunne klisjear som framleis synest ha noko for seg.
Fire skodespelarar deler på 16 roller. Forutan å spele fire førstegongsfødande, gir kvar av dei liv til tre andre kvinner i den næraste krinsen – mødrer, tanter, systrer, bestemødrer. Det er 30 år gamle Kristine (Oda Alisøy) med ambisjonar om å bli ei god mor, 19 år gamle Sara (Carina Furseth) utan barnefar, 38 år gamle Ingrid (Idun Losnegård), odelsjente og akademikar, og 43 år gamle Marianne (Katrine Lunde Mackenzie), lesbisk psykolog som ventar prøverøyrsunge. Fire hovudpersonar og fire lagnader som utviklar seg i ulike retningar, somme ganske annleis enn ein i utgangspunktet skulle tru. Scenografien med rampar i ulike storleikar skal både symbolisere vestlandsnaturen og «bakke opp og bakke ned»-tilværet livet som ung mor byr på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.