Bok

Leiken kortprosa

Torbjørn Oppedal skriv kort og godt kort og godt.

Torbjørn Oppedal fabulerer over koparstikk laga av Jacques Stella.
Torbjørn Oppedal fabulerer over koparstikk laga av Jacques Stella.
Publisert

Når Torbjørn Oppedal vel seg temaet leik for ei samling kortprosa, gjer han det til fingerspissane. I tillegg til at alle tekstane omhandlar leik i ein eller annan forstand, er kvar tekst utstyrt med ein illustrasjon frå Les Jeux et Plaisirs de l’Enfance (1657) av Claudine Bouzonnet-Stella. Desse kopparstikka etter målaren Jacques Stella viser små, feite, nakne barn som blæs såpebobler, flyr med dragar, hoppar paradis, leikar med rokkering eller kastar på blink.

Nokre gongar held Oppedal seg bokstaveleg til bilda, andre gongar fabulerer han friare. I kvart tilfelle står tekst og bilde i eit forhold som skapar ein nysgjerrig lesar. Kva skal han leike seg med på neste side?

Humring og grubling

Det første som slår ein i illustrasjonane, er kor forbløffande mange av barneleikane som er dei same i dag som på 1600-talet, sjølv om barndommen ikkje vart «oppfunnen» før på 1700-talet av filosofen Jean-Jacques Rousseau. Men som Oppedal skriv: «Leken var her før oss og vil fortsette etter oss.»

Når ein lagar seg ei slik ramme, som forfattaren har gjort her, fungerer ho ordnande, men òg lukkande. Ho tillèt at forfattaren assosierer i alle retningar med leikomgrepet; utgangspunktet er fast, men løysingane tilnærma uendelege. Samstundes kan ein tidvis spore ein viss tomgang i tematikken, som trass alt er dømd til å bli monoton.

Derfor fungerer dei tekstane best som ikkje legg seg for tett opp til verken bilde eller «oppdrag», men løftar seg – og oss – vidare. Eksempelvis viser eit bilde to barn på ei huske i eit tre, dei sit med ryggen til kvarandre. Teksten seier: «Vi leker alltid. Hver dag leker jeg at jeg er god nok for deg. Du leker at du er noen jeg vil ha.» På eit anna bilde dannar barna ein hest med kroppane sine, og utan openberr samanheng skriv Oppedal: «Fare, fare, krigsmann, døden skal du lide. Og navnet ditt skal stå
uleselig på plaketten.» Slikt får oss til både å humre og gruble.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement