Film
Lastverksarbeid
Rett vest er eit irriterande lettvint drama som kan henda skal vera komedie.
Ingar Helge Gimle spelar faren til Kasper (Benjamin Helstad). Saman dreg dei på quiltekurs til Ona.
Foto: Tour de Force
Etter at kreften tok mora, har Kasper (Helstad) problem med å tilpassa seg. Forholdet til faren (Gimle) kunne også vore betre. I eit forsøk på å bøta på skadene tek dei to til landevegen for å fullføra det store prosjektet til mora: deltaking på NM i quilting på øya Ona.
Lappeteppe
Road movie om far og son – det vert diverre ikkje meir originalt enn det høyrest ut som. At faren likar å kle seg i damekle, vert ein dvask vri på det konvensjonelle far–son-dramaet og i grunnen nesten flaut overflatisk. Bland inn litt uskuldig transetematikk for kontemporær aroma og latterframkalling, liksom. Det heile verkar lettvint; lettvinte karakterar, lettvinte situasjonar, lettvint film. No høyrest eg kanskje unødvendig provosert ut, og på ein måte stemmer det. For kva er det å asa seg opp over at ein middelmåtig film når kinoen? Det er då saktens ikkje den einaste. Men alt i starten, då vanlegvis fabelaktige Trine Wiggen lirer ut av seg ei floskelregle (den einaste gongen eg faktisk er overtydd om at det er gjort bevisst), kjenner eg irritasjonen. Med snaue ein time og femten minutt synest eg framleis at opptil fleire scener kunne vore kutta.
Umotivert
Regissør, produsent og manusforfattar Henrik M. Dahlsbakken har vist seg å vera særs produktiv og eit namn å merka seg. Han har muligens dårleg tid med å gjera seg endå meir lagt merke til. Særleg manus hadde hatt godt av nokre ekstra gjennomgangar. Det er ikkje lett for skodespelarane å levera replikkar som er så opptogne at det minner om mos: Vinen går rett til hovudet, kjøtet smeltar på tunga, Gene Krupa er verdas beste trommis. Er det med vilje så overlest av klisjear? Viss så, lyt eg seie eg ikkje skjønar kvifor. Og skal det vera symbolsk at dei reiser til Ona fyr? Bestseljarboka til Ingebrigt Steen Jensen med same namn har ein undertittel som kunne vore brukt også i Rett vest: «For den som vil lykkes sammen med andre.» Bodskapen i filmen er like sliten og velbrukt som Noregs mest kjente motivasjonskurs.
Lovande mann
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.