Bok

Landeveg med esel – minutt for minutt

Robert Louis Stevenson syntest det trege eselet hindra han i å nå fram til opplevingane han skulle skrive om. Men det var eselet som blei litteraturen.

Eit oljemåleri av den skotske forfattaren, poeten og essayisten Robert Louis Stevenson (1850–1894), måla av den franske kunstnaren Ernest Narjot.
Eit oljemåleri av den skotske forfattaren, poeten og essayisten Robert Louis Stevenson (1850–1894), måla av den franske kunstnaren Ernest Narjot.
Publisert

Kva om det er nett dette du har lyst til å lese akkurat no: ei reisedagbok frå ei tid der det ikkje poppar opp eit Thon-hotell rundt kvart hjørne, og der vi enno ikkje har høyrt om køyretøy som ikkje går på fire bein? Det er ikkje mykje Dr. Jekyll og mr. Hyde eller Skatten på Sjørøverøya over På vandring med et esel i Cevennene, men boka er skriven av same forfattar, Robert Louis Stevenson. Ho kom i 1879 og var Stevensons gjennombrot. Han var ein 28 år gamal mann med skral helse som ville ha litt frisk, fransk fjelluft og skrive om turen undervegs.

Lærer mens han går

Han legg i veg med sovepose, mat og drikke og andre remedium og skaffar seg eit esel, Modestine, som pakkdyr. Modestine er ei veldig lita eselhoe, men sta som esel flest, og skildringane av korleis ho sakkar Stevenson med luntefarten sin og fører han på avvegar når ho ser freistande gras, gjer ho til hovudpersonen i forteljinga. Ho er òg venleg og tolmodig, sjølv når Stevenson piskar ho framover, noko han har lært av ein forbipasserande.

Stevensons reise verkar uførebudd. Han får mat og losji her og der, andre gongar går han seg bort og må sove under open himmel, blant maur, frosk, rotter – og ulv? Det er ei risikabel reise, men dermed litterært sjarmerande. Han møter av og til fjellbygdfolk og kan tidleg lire av seg slikt: «Han smilte av måten jeg drev eselet på slik jeg kanskje ville ha smilt av hans ortografi.» Men når han seinare baksar framfor folk med eselproblema, er tonen ein annan: «Gud vet at jeg aldri skal le slik igjen, tenkte jeg. Så grusom farsen er for dem som lever i den!»

Han når fram til eit kloster og reflekterer som agnostikar sjølv over religionsspørsmål. Han møter folk med ulikt lynne, har ein passiar eller klør seg i hovudet. Av og til samanliknar han landskapet med det han sjølv kjenner best: «Det var som det verste av det skotske høylandet, bare verre.»

Det er interessant å følgje Stevenson på hans opne og kommenterande franske fjellferd, sjølv om det minner om sakte-TV. Det gjer det endå meir interessant at det ikkje eingong ville blitt sakte-TV, var det ikkje for eselet, som etter sin natur held halv fart av vanleg menneskegange. Og når vandraren etter tolv dagar må selje eselet for å kome seg fortare fram, og leige hest og vogn, blir han overraskande trist, og forteljinga sluttar. Alt som hende post esel på reisa hans, var tydelegvis ikkje verdt å skrive om.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement